NRK Meny
Normal

Ankesak om mangelfull opplæring

tysdag startar ankesaka der ein tidlegare elev saksøkjer Vik kommune for mangelfull opplæring.

Mannen, som i dag er i 20-åra, hadde medfødde lærevanskar, og han meiner han ikkje fekk den undervisninga han hadde krav på.

Då saka var oppe i Sogn Tingrett tapte mannen. Advokaten hans, Johannes Hauge, var måndag ikkje tilgjengeleg for kommentar. Men ordføraren i Vik, Erik Lidal, seier kommunen er sikker på å vinne saka.

- Vi meiner vi ikkje har noko erstatningsplikt i denne saka. Eg meiner denne guten vart rimeleg godt oppfylgd i skulen, akkurat slik andre elevar har vorte. Vi fekk ein dom i tingretten som gav oss fullt medhald, og det forheld vi oss til.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.