NRK Meny
Normal

Ankar ikkje dom for overgrepsbilete

Nordfjordingen som i januar vart dømd til fengsel i eitt år og åtte månader for oppbevaring av overgrepsbilete, ankar ikkje dommen.

Det stadfestar mannen sin advokat, Geir Michael Jesinsky, ovanfor Firda Tidend.

– Hovudårsaka er omsyn til familien og andre kring seg, samt hans eiga helse og energi i høve til det å gå på ei ny rettsrunde, seier Jesinsky til NRK.

Bestemt på å ikkje anke

Allereie då mannen møtte i Sogn og Fjordane tingrett før jul var mannen bestemt på å ikkje anke ein eventuell dom. Saka var fastsett tre gonger, og då saka var oppe for første gang i fjor sommar vart saka utsett mot slutten av hovudforhandlinga .

Jesinsky seier saka har vore belastande for mannen og familien.

– Det har vore ei heilt spesiell framdrift på saka, med utsetting og oppattaking, som gjer at ein føler at ein allereie har vore nokre rundar i retten sjølv om ein berre har vore i tingretten, seier Jesinsky.

Ikkje samd i dommen

Mannen vart pågripen i oktober 2014 etter at Interpol i England varsla Kripos om aktiviteten til ein norsk mann. Etter funn på maskina til mannen tok politiet ut tiltale på nær ein kvart million overgrepsbilete.

Sogn og Fjordane tingrett dømde mannen til fengsel i eitt år og åtte månader for oppbevaring av 170.000 bilete , som mellom anna viser born som blir utsette for seksuelle overgrep. I retten avviste mannen at han er pedofil.

– At han ikkje ankar, betyr ikkje at han er samd i dommen. I si nerdete tilnærming til data har han kome bort i slike mengde bilete som det er uråd å sjå på alt. Han kom bort i ein del bilete, men det var eit lite kvantum, seier Jesinsky.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote