NRK Meny
Normal

Anke vart liggande i tre månader

Politiet legg seg flate etter at dei ikkje vidaresende ei anke på ein dom om besøksforbod.

Erling Melvær

TABBE: Politiadvokat Erling Melvær i Sogn og Fjordane beklager at anken ikkje vart behandla.

Foto: Oddleif Løset

Ein mann vart av tingretten pålagd seks månader besøksforbod, men ville anke pålegget. Denne anka kom aldri vidare frå påtalemakta.

Politiadvokat i Sogn og Fjordane, Erling Melvær, beklager det som har skjedd.

– Vi har fått ei anke som dessverre, og sterkt beklageleg, har blitt liggande ubehandla hjå påtalemakta. Her er det gjort ein feil og det er berre å legge seg flat, seier Melvær.

Vil ta det opp internt

Han seier at somlinga til politiet ikkje har fått konsekvensar for den personen besøksforbodet skal beskytte. Det er personen som vart pålagt besøksforbod, og som ikkje fekk anka, som har fått ulemper av feilen.

– Det kjem til å bli tatt opp internt, slik at det forhåpentleg ikkje vil skje igjen, seier politiadvokaten.

– Alvorleg

Louis Anda

KRITISK: Louis Anda er forsvarar for mannen som ikkje fekk anka.

Foto: NRK

Mannen sin forsvarar, Louis Anda, reagerer sterkt på at klienten sin anke vart somla vekk av politiet.

– Det er grunnleggande i rettssystem vårt at avgjerder skal kunne bli overprøvd, både i prinsippet, men òg i realiteten. Det at saka har blitt liggande så lenge hjå politiet, inneber at denne overprøvingsretten er avskore.

Han meiner at politiet ikkje kan ta lett på denne saka.

– Det er alvorleg at politiet ikkje har gode nok rutiner for at anker vert sendt vidare umiddelbart, seier Louis Anda.

Besøksforbodet er no oppheva som ein konsekvens av somlinga til politiet.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.