Statsadvokaten har frist til i dag med ein eventuell anke, men seier han ikkje vil kommentere saka før han veit at avgjerda er forkynt for dei to tiltalte. Det er eit klart hint om kvar saka står. For om han ikkje hadde anka, hadde han heller ikkje hatt noko å forkynne for dei tiltalte.
Dei to seier på si side, at dei ankar straffeutmålinga i saka uansett. Sjølv om dei to vart frikjende for brot på rasismeparagrafen, vart dei dømde til henholdsvis eitt halvt og tre års ubetinga fengsel for vald og trugsmål.
Dei to tiltalte seier begge til NRK at dei alt har fått beskjed om at også statsadvokaten har anka saka, for å prøve å få dei dømde for brot på rasismeparagrafen i lagmannsretten.
Forsvararen til den hovudtiltalte, Tor Erling Staff, vil på si side ikkje kommentere anke-spørsmålet, før han veit om statsadvokaten har anka.
Dei tiltalte har enno ei og ei halv veke på seg, før deira ankefrist går ut.