NRK Meny
Normal

Ankar varetektsfengsling til høgsterett

Den 18 år gamle kvinna, som sit varetektsfengsla for bombetrusselen mot Flesland lufthamn i førre veke, ankar no saka vidare til høgsterett.

evakuert

EVAKURERT: Flesland lufthamn vart evakuert etter bombetrusselen i førre veke. No ankar den sikta 18-åringen varetektsfengslinga til høgsterett.

Foto: Anders Ekanger

Fjordane tingrett bestemte i førre veke at kvinna skal varetektsfengslast i fire veker for bombetrusselen. Avgjersla vart klaga inn til lagmannsretten, som forkasta anken i dag.

– Ho er sterkt ueinig og har bedt meg om å bringe spørsmålet fram for høgsterett. Eg meiner som eg har gjort heile tida, at å sette ein psykisk sjuk 18-åring i varetekt i fire veker framstår som svært strengt, seier forsvarar Odd Bovim.

– Tek avgjersla tungt

Lagmannsretten kom til at dei medisinske opplysningane i saka ikkje gjev grunnlag for å tru at den sikta kvinna var psykotisk på gjerningstidspunktet.

Vidare vurderte lagmannsretten at fengsling er naudsynt for å hindre at den sikta gjer nye straffbare handlingar av same karakter.

Odd Bovim

UEINIG: Forsvarar Odd Bovim meiner varetektsfengslinga er uforholdsmessig streng og ankar no avgjersla vidare til høgsterett.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Lagmannsretten la i tillegg vekt på samfunnet sitt behov for vern mot slike lovbrot.

Forsvararen seier avgjerda i lagmannsretten ikkje kom som noko sjokk.

– Ho var budd på at lagmannsretten ville meine det same. Men ho tek det sjølvsagt tungt, seier han.

Må uansett sitte over helga

Bovim fortel at slike ankesaker normalt ikkje tek lang tid. Målet er at anken skal leverast i morgon, deretter vil høgsterett bruke nokre dagar på å handsame denne.

– Men ho må vere budd på å sitje i varetekt over helga, seier han.

Forsvararen vil ikkje gå i detalj på korleis klienten hans har det i varetekt.

– Men det kunne så avgjort gått betre, seier Bovim.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå