Ankar Selje Hotel-dommen

Ifylgje Fjordenes Tidende vil statsadvokat Magne Nyborg anke dommen mot styreleiaren som tingretten meiner ikkje var med på å sette fyr på sitt eige hotell. Han har ikkje bestemt seg for om han vil anke dommane mot hotellsjefen som vart dømd for brannen, eller mot kokken som vart frikjent. Fristen går ut komande onsdag.

Statsadvokat Magne Nyborg.
Foto: Oddleif Løset / NRK