Hopp til innhold

Sp-ordførar trur Frp-statsråd vil hjelpe Gulen i kampen mot vindmøllene

Ordførar Hallvard Oppedal i Gulen set no si lit til at ny energiminister frå Frp vil hjelpe dei i kampen mot vindmøllene.

Lien og Oppedal

STOLAR PÅ LIEN: Ordførar Hallvard Oppedal i Gulen stolar på at olje- og energiminister Tord Lien (Frp) støttar Gulen si anke.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Eit fleirtal i kommunestyret i Gulen vedtok i ettermiddag å anke vedtaket frå NVE om å tillate vindkraftutbygging på Dalsbottenfjellet. Dermed blir det opp til olje- og energidepartementet å avgjere den djupe kraftstriden i kystkommunen.

NVE gjekk imot kommunestyret sitt fleirtalsvedtak om å tillate bygging av vindmøller på fjellet, noko ordførar Hallvard Oppedal (Sp) har reagert sterkt på.

No trur han ei ny regjering vil sørge for at det er lokalpolitikarane si røyst som vil vere avgjerande. Ikkje røysta frå det statlege energidirektoratet.

LES OGSÅ: Kjempar mot vindmøller

LES OGSÅ: Gir grønt lys til vindkraftverk

Trur regjeringa ordnar

– Eg trur vi vinn fram. Det er nye kostar i regjeringa no, og Framstegspartiet seier jo at dei skal leggje større vekt på lokaldemokrati enn det som har vore gjort til no. Eg regnar med at det blir ordna der, sler Oppedal fast.

I kommunestyremøtet i dag gjekk fire av Høgre sine representantar imot å sende anke på vedtaket frå NVE. Grunngjevinga deira er frykt for at det planlagde vindkraftprosjektet på fjellet Brosviksåta også då vil bli råka.

LES OGSÅ: Sa dei ville høyre på kommunen - men gjorde det ikkje

Fryktar konsekvensane

I Gulen er det delte meiningar om dei ulike vindkraftprosjekta, og talsmann Leiv Henriksbø for kampanjen mot Brosviksåta, seier vindturbinane vil bli så dominerande at dei fryktar det vil gå ut over reiselivet i området.

– Vi vil jo helst få vekk heile anlegget. Desse vindmøllene blir godt synlege i kystområdet. Vi meiner ei utbygging på Brosviksåta vil vere uheldig uheldig for reiselivssatsinga i kommunen.

Slik blir Brosviksåta vindpark sett frå Eivindvik

VINDMØLLER: Slik kan vindmølleparken på Brosviksåta i Gulen bli sjåande ut.

Foto: Foto og visualisering: Mari-Ann Ekern, Rambøll