Ankar ikkje kunstgrassaka
Kommunen ankar ikkje kunstgrassaka og må sjølv betale for det nye dekket til fotballbanene i Hafstadparken. – Nok er nok, vi må prioritere drift av kommunen, seier kommunalsjef Trond Ueland, til Firda. Kommunen vann erstatningssaka mot Desso Sport Systems Scandinavia AS (Desso) i Fjordane tingrett, men tapte altså i Gulating lagmannsrett.