Hopp til innhold

Oppdrettsgigant frifunnen, men politiet gir seg ikkje

Fjordane tingrett gav ikkje politiet medhald i millionbota til Marine Harvest etter overproduksjonen på Haukaa. No ankar påtalemakta frifinninga.

Marine Harvest avdeling Haukå

NY RUNDE: Marine Harvest fekk ein kraftig reaksjon etter overproduksjonen ved setjefiskanlegget på Haukå i Bremanger. No kan det bli ei ny runde i rettssystemet.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi meiner det tingretten har kome fram til er feil. Frifinninga byggjer på at konsesjonen som gjaldt for verksemda i den perioden 2008-2011 var ikkje klar nok, seier politiadvokat Jørn Lasse Refsnes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet vart dømde

Jørn Lasse Førde Refsnes

ANKAR: Politiadvokat Jørn Lasse Refsnes seier dei ankar frifinninga av Marine Harvest i overproduksjonssaka.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Politiet la ned påstand om to millionar kroner i bot for overproduksjonen ved setjefiskanlegget på Haukå i Bremanger. I Fjordane tingrett fekk derimot oppdrettsgiganten fullt medhald.

I staden vart politiet dømde til å betale Marine Harvest sine sakskostnader . Fylkesmannen fekk også kritikk for å ha brukt svært lang tid på å handsame utsleppsløyva til anlegget.

– Retten meiner konsesjonsvilkåra var uklare og ikkje kunne tolkast som ei produksjonsavgrensing, slik fylkesmannen og politiet meiner, seier Refsnes.

Ikkje nye bevis

Politiadvokaten meiner tingretten tolka bevisa i saka feil.

– For slik eg ser det så er det ikkje nye bevis av vekt som skal leggast fram for lagmannsretten, seier Refsnes.

Det er opp til lagmannsretten å vurdere om anken slepp igjennom til behandling.

– Er det klart at ein anke ikkje fører fram, og dei kan grunngje det, så kan retten sile den. Elles vil den sleppe igjennom og det blir ny handsaming av saka i lagmannsretten.

Marine Harvest ynskjer ikkje å kommentere saka før dei har sett anken frå politiet.