Hopp til innhold

Førde kommune godtek ikkje 34-dobling av prisen - ankar til Høgsterett

Førde kommune ankar ein eigedomstvist til Høgsterett etter at lagmannsretten 34-dobla prisen.

Hafstad Idrettspark i Førde

STRIDENS KJERNE: Hafstad idrettspark kan få tredobla prislapp dersom dommen frå lagmannsretten blir ståande.

Foto: Kjell Arvid stølen / NRK

Kommunen tok over eigedommen til Jon Flom for å byggje Hafstad idrettspark og betalte 500.000 kroner for arealet.

Ole John Østenstad

- PRINSIPIELL SAK: Rådmann Ole John Østenstad.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

Men saka hamna i retten. Gulating lagmannsrett meinte Flom skulle ha 17 millionar kroner. Dermed blir totalsummen for parken tre gonger høgare enn budsjettert.

– Stort sprik

Førde-rådmann Ole John Østenstad seier saka er prinsipiell.

– Det eine er at det er veldig stort sprik mellom verdivurderingane til tingretten og lagmannsretten. Men det er først og fremst det at vi meiner lagmannsretten har teke feil i korleis ein skal vurdere slike saker.

– Kva utslag vil det gje på kommuneøkonomien dersom de må ut med 17 millionar kroner?

– Det er det for tidleg å gå inn på. Men det vil nok føre til at tiltak som ligg i økonomiplanen må utsettast.

Rådmann Østenstad er svært spent på om Høgsterett vil behandle saka.

– Her er det ei gråsone som gjer at alle norske kommunar er sette i ein situasjon der dei ikkje veit kva verdi dei må legge inn i budsjetta sine ved utbygging av friområde. Difor håpar og trur eg at Høgsterett tek inn og behandlar saka.