Hopp til innhold

Angreip med sverd og sekkepipe

Med sverd, sekkepipe og pil og boge deltok den eksentriske britiske offiseren John Malcolm Thorpe Fleming Churchill i angrepet på Måløy i desember 1941.

Måløy i brann etter Måløyraidet

HARDE KAMPAR: Måløy i brann etter Måløyraidet.

Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Åtaket kom som lyn frå klar himmel på tyskarane. I alt 576 allierte kommandosoldatar, av desse 33 norske, vart sette i land.

Dei norske styrkane vart leia av Martin Linge som sjølv fall i kampane. I alt blei 138 soldatar drepne i dei harde kampane om Vågsøy. Av dei var 52 på alliert side.

Sjølve operasjonen hadde namnet kodenamnet "Archery" som på norsk blir "operasjon bogskyting"

Det passar godt John Malcolm Thorpe Fleming Churchill, som likte å angripe med nettopp boge.

Det er Dagbladet som laurdag kan fortelje om historie om den eksentriske britiske offiseren som gjekk under tilnamnet "Gale Jack" og hans part i "Måløyraidet.

Avisa kan fortelje at før sjølve angrepet spelte han sekkepipe, før han storma i land med sverd i eine handa og ei handgranat i den andre. Det er ikkje kjent om han brukte bogen i dette angrepet, men han skal ha vore svært aktiv med sverdet.

– Mi meining er at einkvar offiser som går i kamp utan sitt sverd ikkje er korrekt kledd, har han seinare sagt i intervju.