Hopp til innhold

Angrar på nynorsk-hets, men håpar Høgre får gjennomslag

Dyrlege Trude Mostue hissa på seg forsvararar av nynorsk då ho tidlegare denne veka fortalde at ho hadde brent nynorskordlista og kalla språket for «helvetes nynorsk».

Trude Mostue

HINDRA SKULEGANG: Dyrlege Trude Mostue måtte utsette yrkeskarrieren i to år fordi ho ikkje kom inn på veterinærstudiet då nynorskkarakteren var for dårleg. – Nynorsk har symbolisert hindringar for meg, seier ho.

Foto: NRK

– Det var meint som eit humoristisk innlegg, men folk delte ikkje humoren. Eg angrar på det, seier ho når ho stiller til debatt i NRK Ukeslutt.

Sidemålsdebatten blussar opp med jamne mellomrom, og denne gongen var det Høgre som spelte opp til dans. I deira programforslag går dei inn for å fjerne karakter og eksamen i sidemål. Mostue støtta forslaget og kom med eit flammande innlegg på si Facebook-side.

«(... )skal jeg si deg at Ivar Åsen Nynorsk boken min ble brent i hagen mens jeg pakket kofferten og passet for å dra til England. Helvetes Nynorsk. Jeg ba til den gode gud om at jeg ALDRI skulle ha noe med nynorsk å gjøre (...)»

I kommentarfeltet på Facebook og i media rasa debatten, og ein av dei som kasta seg på var sogningen og språkprofessoren Øystein Vangsnes. Han likte dårleg det han las, og gjekk laus med raudpenn på innlegget frå dyrelegen.

Høyr debatten mellom Mostue og Vangsnes:

Meiner all trening i språk er bra

– Eg måtte gjere noko dramatisk for å få merksemd. Og eg innrømmer at det var stygt gjort, men eg opplevde hennar innlegg som hatsk og kunnskapslaust, seier han i debatten mellom dei to.

Øystein Vangsnes

SPRÅKMANGFALD: Språkprofessor Øystein Vangsnes meiner skulen skal undervise bredt. – Ein kan aldri føresjå kva kunnskap elevane kan få bruk for.

Foto: Lars Nes

Bakgrunnen for Høgre sitt forslag er at partiet mellom anna meiner at dagens undervisning ikkje fungerer godt nok.

– Undervisninga gjer ikkje at fleire elevar blir glade i nynorsk, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til NRK tidlegare.

Og Mostue støttar han.

– Det er ikkje riktig at elevar skal få karakter i nynorsk når dei i grunn ikkje treng det.

Språkprofessoren let seg derimot ikkje imponere over forslaget, og peikar på at det finst kulturelle og pedagogiske argument for å halde fast på at norske skuleelvar skal lære både nynorsk og bokmål.

– Når ein driv variert trening på språk, så blir ein betre. Trening i nynorsk er trening i norsk generelt.