Grunnen er at mobilselskapet hennar, Bipper Communication, er verdsett til 80 millionar kroner, og ho må skatte av denne teoretiske verdien.
Vallestad er redd ho må flytte bedrifta ut av landet.
– Det å måtte betale skatt av den type formue, som ikkje er cash, men teoretiske pengar, det gjer det veldig vanskeleg. Hadde eg vore merksam på dette tidlegare er det ikkje sikkert at eg hadde etablert selskapet i Norge i det heile.
Låge inntekter, høg verdi
I løpet av nokre få år har Silje Vallestad bygd opp Bipper Communication og Besafe, selskap som tilbyr mobiltelefonløysingar til foreldre, slik at dei kan styre mobilbruken til borna sine, i tillegg til tryggingsalarmar.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Bipper Communication er verdsett til 80 millionar kroner. Ein revisor reknar no på skattesmellen, men Vallestad reknar med å måtte betale kring 200.000 kroner i formueskatt og skatt på gründerprisen ho fekk i fjor (ein million kroner).
Store delar av tenestene til selskapet blir gitt vekk gratis, så langt har det vore låge inntekter. Likevel er selskapet høgt verdsett.
«Betaler skatt med glede»
Saka vart kjend då Silje Vallestad skreiv om den på Facebook:
Skattereglane krev at aksjeeigarar betalar skatt på aksjane - altså av pengar dei ikkje handfast sit med, men kan sitje med i framtida, seier underdirektør Ole Jebsen i Skatt Vest.
– Slik er no ein gong reglane. Det er det same for andre eignedelar, som til dømes fast eigedom som du heller ikkje kan gjere om til pengar utan å selje eller leige ut.
Har sjølv irritert seg over sutring
Men dette var ukjent for den unge gründeren til ho fekk realistetane midt i fleisen:
Privat lån eller sal av aksjar
Slik Silje Vallestad ser det er det fire utvegar, skriv ho på Facebook:
Etter at Vallestad skrive om saka på Facebook har reaksjonane strøymt inn.
– Håplaus situasjon for mange
NHO-direktør Jan Atle Stang i Sogn og Fjordane seier dette er ein håplaus situasjon for mange, særleg dei som har raude tal i rekneskapen.
– Mange må ta opp lån for å betale formueskatten, mange seier at dei heller ville ha putta desse pengane inn i verksemda og skapt fleire arbeidsplassar.
(Artikkelen held fram under biletet).
Ei undersøking gjort av NHO synte at 1,5 prosent av private bedriftseigarar må tappe selskapet for å ha råd til å betale formueskatten. Pengar dei helst skulle brukt til noko anna.
– Kva med neste år?
Og no er Silje Vallestad usikker på framtida.
– Kravet i år skal eg nok greie å handtere, men kva med neste år?
Frp har rekna ut at staten tek inn 14,1 milliardar kroner i formueskatt. Ei undersøking frå Næringslivets Hovedsorganisasjon syner at 1, 5 prosent må tappe selskapa sine for å har råd til å betale formueskatt. Ein av ti har formueskatt som er høgare enn overskotet.
«Må man virkelig flagge ut?»
Og på Facebook har ikkje Silje Vallestad funne konklusjonen på dilemmaet sitt: