Hopp til innhold

Angrande syndarar har levert tilbake stolne Lothepus-bøker

FØRDE (NRK): Då Leif Einar "Lothepus" Lothe kom til Førde for å signere bøker tok folk med seg 50 bøker utan å betale. No har angrande syndarar stått i kø for å levere bøkene tilbake.

Lothepus i Førde

TRAKK FULLT HUS: Leif Einar "Lothepus" Lothe kom til Førde for å signere boka om sitt eige liv.

Foto: Privat

– Veldig mange har meldt seg, det er mest born som har skuld i dette, seier butikksjef Ann-Katrin Olsen på Notabene i Førde.

Firda skreiv på søndag at fleire hadde teke med seg bøker utan å betale. Butikksjefen seier i dag at dei har fått tilbake 40 av dei 50 forsvunne bøkene. Ho seier det er mest born som ikkje har skjønt at dei må betale for bøkene.

Bøkene som vart tekne stod stabla opp i gangen utanfor butikken, der Finn Tokvam og Leif Einar Lothe sat og signerte bøkene.

Folk i Førde er ærlege

butikksjef Ann-Katrin Olsen på Notabene i Førde

NØGD: Butikksjef Ann-Katrin Olsen på Notabene i Førde er nøgd med å ha fått tilbake 40 av dei 50 bøkene som forsvann på laurdag.

Foto: Synne Ulltang / NRK

Butikkpersonalet merka etter ei stund at nokre lét vera å betala for bøkene. Då dei vart konfronterte svarte dei at dei trudde det var gratis. Butikksjefen seier ho ynskjer å halda fram med denne typen arrangement, til trass for hendinga på laurdag.

– Eg er heilt ueinig i det som har vorte sagt på nettet om at folk i Førde er uærlege, seier Olsen.

Det er framleis ti bøker som er på avvege, og Olsen håper dei også skal få tilbake desse.

– Dersom det framleis er nokon som ynskjer å melda seg så lover me å ta dei imot med eit smil, seier Olsen.

– Kjekt å høyra

– Fantastisk kjekt å høyra, eg vart motlaus då eg fekk høyra at so mykje bøker hadde forsvunne, seier Finn Tokvam som har skrive biografien om Lothepus.

Lothepus og Finn Tovkam

ORIGINAL: Finn Tokvam har skrive boka om Leif Einar Lothe, han trur alle på vestlandet kjenner ein Lothepus.

Foto: Eivind Senneset / Eivind Senneset

Han har aldri sett så mange trivelege sunnfjordingar på ein gong, og kunne ikkje tru at så mange hadde teke med seg boka bevisst.

Boka om Lothepus har selt svært godt, og gjekk rett inn på bestseljarlista, der den har lege i åtte veker. Alt frå småungar til gamle bestemødrer har sansen for Lothepus. Tokvam trur han representerer ei yrkesgruppa som aldri har vore særleg framme i lyset.

– Lothepus har vorte ein ambassadør for anleggsslusken. Han er ein likandes kar som snakkar rett frå levra, og som ikkje tek livet så tungt.