NRK Meny
Normal

Ungdomen køyrde i 144 km/t i denne 60-sona: «No må eg berre ta straffa»

– Det var brutalt. Eg har berre meg sjølv å takke. Det seier 20-åringen som førre veke blei stogga av UP etter å ha køyrd i 144 km/t i 60-sona.

Bjørvikstranda

RÅKØYRDE HER: Ungdomen frå Sunnfjord må vere utan førarkort i fleire år og risikerer fengsel etter at UP stogga han i 144 km/t førre veke.

Foto: FREDRIK HELLAND / NRK

Det var ein sein sommarkveld i førre veke at Utrykkingspolitiet stogga fartssyndaren på fylkesveg 57 i Gaular. Farten til 20-åringen blei målt til nesten ein og ein halv gong over fartsgrensa. Mannen vil ikkje stå fram med namn, men vil stille opp anonymt.

– Det var seint på kveld og ingen bilar i nærleiken. Vegen var tørr. Før var det 80-sone på denne strekninga, seier han.

Målinga synte 144 km/t, og blir av UP lokalt omtalt som eit av dei grovaste tilfella dei har sett. Den unge føraren skjønte at dette kom til å svi og la seg flat.

Kan få fengsel for råkøyring

Mannen seier at han har mykje erfaring frå bilkøyring, og at han angrar.

– Eg har lært av dette, og det er absolutt ikkje ei kjekk kjensle.

Strekninga der 20-åringen blei stogga har lenge vore til skrekk for bygdefolket. Dei fortel om fleire stygge episodar som nesten har kosta liv.

– Eg forstår at dei er uroa for at det kan skje ulukker på dagtid. Det er ikkje greit å køyre over fartsgrensa. Det er alltid ein grunn til at fartsgrensa er som den er, så den bør ein halde.

– Den er særs stygg

Einar Vereide i UP på Vestlandet har fått fleire meldingar om stygg køyring ved Bjørvikstranda i Gaular.

– Det er lite trafikk, men ein stor prosent av desse køyrer relativt høgt over fartsgrensa. Det skal vere ein del skuleborn i området, noko som forklarar mykje av årsaka til at det er 60-sone. Nokre stadar manglar det busslommer. Vi vil nok rette meir merksemd mot denne strekninga, seier han.

Einar Vereide

BER FOLK TENKE SEG OM: Einar Vereide i UP på Vestlandet seier at folk må vite at det er på dei beste vegane at ulukkene ofte skjer.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Han er skaka over fartsmålinga i førre veke. Etter 30 års fartstid i politiet toppar fartssyndaren ei dyster liste for politioverbetjenten.

– Det er blant dei verste eg har målt. Den er særs stygg, sjølv om det er ei oversiktleg strekning, seier Vereide.

Vegstrekninga ved Bjørvikstranda er ganske rett og oversiktleg, noko som får bilistar til å køyre over fartsgrensa.

– Folk tenker ikkje over at det ofte er på dei beste vegane og vegstrekkjene at ulukkene skje, seier han.

Vegopning på Bergum i Førde kommune