Hopp til innhold

Anestesien i Nordfjord er sikra

Anestesien ved Nordfjord sjukehus er sikra. Det seier Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp).

Nordfjord Sjukehus

FÅR BEHALDE ANESTESIEN: Senterpartileiar Liv Signe Navarsete seier Nordfjord sjukehus får behalde anestesitenestene.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det har føregått lange drøftingar mellom dei tre regjeringspartia om kva tilbod som skal vere ved lokalsjukehus med tilpassa akuttfunksjonar.

Seint måndag kveld blei det klart at det skal vere anestesi ved sjukehuset i Nordfjord også i framtida. Det betyr at det vil vere ein anestesilege på vakt som kan gje narkose til pasientar. Dermed kan sjukehuset utføre akutte oppdrag.

- Eit lokalsjukehus med akuttfunksjonar skal ha anestesitenester der det er etablert i dag, seier Navarsete.

Navarsete: - Dette er viktig

Ho meiner sjukehuset på Nordfjordeid no er sikra ei betre framtid.

- Dette er skilnaden på å ha eit lokalsjukehus som kan ta seg av akutte tilfeller, og det å ikkje ha det, seier Navarsete og legg til:

- Utan anestesitenester hadde sjukehuset blitt ein forsterka sjukeheim. Dette er viktig for innbyggjarane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sonja Edvardsen

LETTA: Ordførar Sonja Edvardsen i Eid er letta over dei gode nyhendene frå Navarsete.

Foto: Trond Vestre / NRK

Edvardsen: - Eg er letta

Det har skapt sterke reaksjonar at regjeringa og Helse Førde tidlegare i år opna for å fjerne anestesien ved sjukehuset på Nordfjordeid.

I dag kan ei letta Sonja Edvardsen som er ordførar i Eid, konstaterer at framleis skal vere anestesitenester ved lokalsjukehuset i Nordfjord.

- Dette er viktig og eg er letta, seier Edvardsen til NRK.no.

- Kva betyr dette for til dømes akuttfunksjonane?

- Det betyr veldig mykje for dei pasientgruppene vi skal behandle i tida framover. Og det betyr mykje for kva slags tenester vi får at vi har denne anestesiberedskapen, seier Edvardsen.

- Det kjem pengar til dette

For Navarsete er det viktig å fram at det kjem friske midlar til å oppretthalde anestesien på Eid, slik at det ikkje skal gå ut over resten av helsetilbodet i Helse Førde.

- Regjeringa ønskjer ikkje at vi skal få kutt på sentralsjukehuset i Førde som følgje av at ein får behalde tenestene utover det Helse Førde hadde bestemt, seier Navarsete.