Hopp til innhold

Sterke karar frå fylket med gode plasseringar i NM i styrkeløft

Kim André Blikås frå Førde tok andreplass i søndagens NM i styrkeløft for junior, medan Roger Navarsete frå Sogndal kom på 8. plass.

Kim Andre Blikås

ANDREPLASS: Kim Andre Blikås frå Førde tok andreplass samanlagt i sin klasse i NM i styrkeløft i helga. Her frå ein annan konkurranse.

Foto: Norges Styrkeløftforbund

To sterke karar frå fylket, Kim Andre Blikås og Roger Navarsete, deltok søndag i NM i styrkeløft for ungdom, junior og veteran i Frognerhallen.

– Det er jo tungt. Det var ganske tungt i dag faktisk, men det gjekk fint, ler Navarsete.

Sjølv har han hatt ein litt trøblete sesong og fortel at han har ikkje fått like god utteljing dette året som han fekk i fjor.

I fjor sette han nemleg ny norsk rekord i benkpress.

Roger Navarsete med ny nordisk rekord i benkpress

REKORD: I fjor sette Roger Navarsete ny nordisk rekord i Benkpress.

– Så eg måtte jobbe litt hardare for vektene dette året. No er eg enda ein erfaring rikare og tek det med meg til neste år, seier Navarsete.

Gode prestasjonar

I styrkeløft er det tre delar ein skal gjennom. Knebøy, benkpress og markløft. Det er tre forsøk i kvar øving, og ein må få godkjent løftet for å få ein totalsum.

Den som løftar mest innanfor kvar vektklasse vinn konkurransen.

Roger Navarsete

STERK: Roger Navarsete, Sogndal IL.

Foto: Anna Gytri / NRK

Både Roger Navarsete frå Sogndal og Kim Andre Blikås frå Førde deltok i junior NM denne helga. Begge i same klasse.

Navarsete fortel at Blikås gjorde det svært bra og heldt på å vinne, men at det til slutt vart andreplass for Blikås.

Sjølv tykkjer han det gjekk heilt greitt for sin eigen del og hamna på samanlagt 8. plass. Og favorittøving var det ingen som var betre.

– Eg tok EM-kravet for senior i benkpress på 237,5 kilo. No er eg i alle fall sikra å få vere med på EM, seier Navarsete. 23-åringen er på sitt siste år som junior og stiller som senior neste år.

Og i mars vil han prøve seg på 250 kilo i benk-NM. Det treng han for å kunne kvalifisere seg til VM. Den personlege rekorden er på 245 kg. Søndag gjorde han eit forsøk på 246 kg utan hell.

Trening og protein

Bak musklar og vilje ligg og mykje trening.

– Det blir fort 12 timar trening i veka med fem økter i veka på om lag to timar kvar, så det krevst ein del. Og eg prøver å få i meg nok mat og nok protein, det må til, fortel Navarsete.

Han deltok på sitt første stemne i 2009 og er no inne i sitt fjerde år med styrkeløft.

– Målet var jo å bli best i Norge, det klarte eg jo då eg blei best i Norden. No er målet å ta gull som senior. Det blir nok ekstra hardt, så det ser eg fram til, seier Navarsete.

Roger Navarsete

STYRKEPRØVE: Ingen i norden løftar meir i benkpress enn Navarsete.

Foto: privat

Styrkeløftaren fortel at kosthaldet er veldig viktig.

– Eg vil seie at eg er ein svært god kunde for ein kjøttvarebutikk her i Oslo. I tillegg går det mykje i proteinpulver, fortel han.

Det er med andre ord lite salatar inne i bilete for ein som driv med styrkeløft.

– Av og til slår eg på stortromma med ein salat, men det er sjeldan, ler Navarsete.

Til saman er det beste resultatet som Navarsete nokon gong har hatt på 600 kg samanlagt frå alle tre øvingane.

Resultat

Under dagens konkurranse fekk utøvarane frå fylket desse resultata:

Navarsete:
Knebøy: 172 kg
Benkpress: 237 kg
Markløft: 165 kg

Blikås:
Knebøy: 280 kg
Benkpress: 220 kg
Markløft: 305 kg

Blikås var berre få poeng bak vinnaren i klassa deira, Julian Lysvand frå Steinkjær IL.