I august gjekk fleire tusen gjekk i demonstrasjonstog for å syne si støtte til Andrea Voll Voldum etter ho stod fram med si historie om valdtekt.
Måndag kveld vart lærdalsjenta heidra for motet sitt med Jenteprisen 2016.
Prisen blir delt ut av Plan International Norge på FN sin jentedag 11. oktober kvart år. Den skal heidre dei som gjer ein ekstraordinær innsats for jenter og kvinner.
Vinnaren sjølv er svært audmjuk når ho har fått beskjeden.
– Eg vart først veldig sjokkert, eg trudde ikkje eg skulle få den når eg såg kor mange gode kandidatar det var. Men eg vart veldig glad. Og så meiner eg at denne prisen ikkje går til meg personleg, men til arbeidet som blir gjort for å stoppe haldningar som fører til valdtekt, seier 21-åringen.
Gir valdtektsoffera eit ansikt
– Andrea får prisen fordi at ho ved å snakke om det ho har vore igjennom har vist usedvanleg mot. Ho har skapt ein debatt og openheit i Noreg som gjer at vi snakkar om valdtekt på ein annan måte enn vi gjorde før, seier generalsekretær i Plan International Norge Kjell Erik Øye.
– Vi veit at mange har vore utsett for valdtekt og aldri turt å snakke om det. Andrea gir dette eit ansikt. Det gjer at vi flyttar oss som samfunn, og ho fortener honnør for det. Juryen som bestemmer kven som får prisen er uavhengig av Plan.
Den er leia av tidlegare justisminister Knut Storberget.
– Ho får prisen fordi ho utfordrar haldningar hos oss alle. Denne jenteprisen er ein smekk. Den snur spegelen mot oss sjølv, mot norsk ukultur. seier Storberget i ei pressemelding.
Juryen skriv at Andrea Voll Voldum har gjort meir for å overvinne valdtekt enn organisasjonar og rettsstell har fått til på tiår.
- Har du lest jurymedlem Hanne Kristin Rohde sitt blogginnlegg om haldningsspørsmåla i Hemsedal-saka?
– Ho løftar eit problem som råkar uavhengig av kultur og region. På verdsbasis blir ei av ti jenter utsett for seksuell vald. Det må bekjempast for at vi skal få eit trygt samfunn for alle, seier Kjell Erik Øie.
Saka til Andrea vart kjend som Hemsedal-saka i media:
Får framleis støttemeldingar
Sjølv er prisvinnaren framleis oppteken med å svare på støttemeldingane ho har fått etter ho gjekk ut med historia si.
– Eg er sikker på at dei som har opplevd det same er like glade som meg. Dei veit kva dette handlar om, og korleis det er å gå gjennom noko slikt.
Ho håpar prisen vil hjelpe haldningsarbeidet mot valdtekt.
– Eg håpar prisen kan bidra til at arbeidet for å endre haldningane til valdtekt held fram. Ein veit jo aldri. Men eg håpar det.