– Sommarfuglane er der, eg er veldig spent og gler meg veldig mykje, seier Andrea Santiago til NRK.
I fjor representerte Alexander Pavelich frå Eid fylket i Stjernekamp. I år er det 18-åringen frå Måløy sin tur. Stadionrock er sjangeren ho får bryne seg på i det aller første programmet i årets sesong.
– Eg gler meg veldig til stadionrock. Eg høyrde mykje på det då eg voks opp, og såg mykje på Queen på storskjerm, ler Santiago.
At ho med sine 18 år er den yngste deltakaren, er ikkje noko ho har tenkt noko særleg på.
– Det er ikkje noko eg legg merke til, men eg blir mint på det av folk. Forskjellen er berre at eg føler eg blir teke ekstra godt vare på, ler ho.
Ligg mykje jobb bak programma
Santiago har valt å syngje «Still Loving you» av Scorpions i programmet laurdag.
– Eg har høyrt den mykje på radio, og kvar gong har eg tenkt at det er ei kul og tøff låt. Så det tok ikkje lang tid før eg tenkte at den hadde vore noko å syngje.
Sjølv om deltakarane ser rolege ut i programma, er det mange hektiske arbeidstimar og gjerne seine kveldar som ligg bak.
– Det er eit hektisk program, men eg det er veldig kjekt og eg kosar meg kvart einaste sekund, seier Santiago.
– Eg prøver å få nok søvn, så det går fint.
Går på vidaregåande
I 2017 var Santiago med i programmet The Voice på TV 2 og kom på ein solid andreplass. Sidan den gong har ho gått tilbake til skulebenken, men drive med musikk ved sida av. No er ho elev ved Måløy vidaregåande skule, der ho så langt dette skuleåret har vore ein skuledag.
– Eg har med bøkene og har eit mål om å jobbe med skulen når eg har fritid, seier ho.
Stjernekamp vil ta mykje av tida hennar framover. Ho håpar å få testa mange ulike sjangrar.
– Eg gler meg til alle og til å teste meg til sjangrar eg ikkje er vand til. Eg gler meg til stadionrock, til EDM og country, smiler ho.
– Kvifor skal folk stemme på deg?
– Eg har lyst til å gjere alle sjangrane og bevise at eg har eit såpass breitt spekter. Eg har så lyst til å vere med på denne reisa, så om folk stemmer på meg er det fantastisk.
- LES OGSÅ: