Hopp til innhold

Andre runde med rettssaker etter aksjon mot gruvedrift

SOGN OG FJORDANE TINGRETT (NRK): Aksjonistane som lenka seg fast på Engebøfjellet hevdar dei handla i naudverge.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet

SJÅ TV-SAK: Her kan du sjå TV-sak med aksjonistane som måtte møte i retten.

Onsdag starta andre runde med rettssaker etter aksjonane mot dumping av gruveavfall i Vevring i Naustdal.

Den første runden byrja i november i fjor, og alle aksjonistane seier det same. Dei nektar straffskuld, og hevdar dei handla i naudverge. Alle verktøy var brukt og sivil ulydnad var siste moglege utveg.

– Eg har aldri vore i tvil om at det var nødvendig for å få dette prosjektet opp i dage. Eg står framleis for at dette var ei riktig avgjerd, seier aksjonist og tiltalt, Magnus Storvoll Strømseth.

Påtalemakta er langt frå samd med tiltalte om at dei hadde prøvd alt for å stogge planane.

– Dei tiltalte er medlemmar i Natur og ungdom. Det er merkeleg at dei ikkje har prøvd å samle saman midlar til å prøve Stortinget sitt vedtak i retten, seier Malin Skeibrok Ånesen, som er aktor i saka.

Nærast dagleg i tre veker var politiet i Vevring for å fjerne aksjonistar som protesterte mot den planlagde gruvedrifta i Engebøfjellet.

Aksjon Engebøfjellet

MÅTTE MØTE I RETTEN FOR DETTE: Magnus Storvoll Strømseth møtte i dag i Sogn og Fjordane Tingrett etter at han lenka seg fast på Engebøfjellet.

Foto: Privat

Møtte utan forsvarar

Nesten ingen av aksjonistane har godteke bota dei har fått av politiet. Det betyr at kvar enkelt sak må opp i retten, noko som skjer på fellesskapet si rekning. På onsdag møtte tre av dei tiltalte aksjonistane utan forsvarar.

– Det var både krevjande og spanande. Eg er berre tilsett i ei 50 prosent stilling, så forsvarar har eg ikkje råd til, seier Storvoll Strømseth.

Aksjonistar

ANDRE RUNDE MED RETTSSAKER: Desse tre måtte møte i Sogn og Fjordane Tingrett. Alle nektar straffeskuld.

Foto: ODDMUND HAUGEN / NRK

Likevel var aksjonisten nøgd med dagen i retten. Tiltalte argumenterte for at ny forsking på liknande prosjekt viser at gruvedumping har større konsekvensar enn kva forskarane hadde trudd, og at Nordic Mining no er meld til politiet for å bruk firehjulingar som dei ikkje hadde søkt om løyve til.

– Eg trur vi fekk fram nye moment i denne saka som ikkje er snakka om før, så eg er nøgd med at eg klarte å argumentere for dette, seier han.

I første rettsrunde blei aksjonistane dømde til bøter på mellom 10.000 og 22.000 kroner, i tillegg til sakskostnader.