Hopp til innhold

Andre redningsaksjon til same fjell på to dagar

For andre gong på to dagar er ein person henta ut med luftambulanse frå same fjellområde – med same skade.

Rignstindane

– Vi fekk melding via AMK klokka 15.48 om at ein mann har sklidd og fått skuldra ut av ledd ved Ringstindane, opplyser operasjonsleiar Bengt Næss ved Vest politidistrikt sin operasjonssentral for Sogn og Fjordane.

Seinast laurdag måtte luftambulansen hente ut ein mann som også hadde fått skuldra ut av ledd, også han på Ringstind.

– Det skal visst vere glatt og dårlege spor i området, seier Ness.

Ein luftambulanse vart send til området for å hente ned den skadde som er i slutten av 50-åra. Samstundes vart Røde Kors sett i beredskap. Laurdag tok det tid før det var flyvêr i området.

– I dag blir det meldt om mykje betre vêr der inne, seier operasjonsleiaren.

Klokka 16.30 melder politiet at den skadde er henta ned frå Ringdalsbreen av luftambulansen.

Laster Twitter-innhold
Frå Ringsdalen i Vestjotunheimen. Fjella er Midtre Ringstind, Store Ringstind og Soleibotntind.

RINGSDALEN: Ligg i Vestjotunheimen. På biletet ser ein Midtre Ringstind, Store Ringstind og Soleibotntind.

Foto: Kjartan Kvien