Hopp til innhold

André Heggø er tatt ut på juniorlandslag i sykling

– Det er stort for meg. Eg har håpa lenge på å bli tatt ut, seier Heggø. I slutten av mars skal han konkurrere mot verdseliten av juniorar i Belgia.

andre heggø

VIL BLI PROFF: Til dagleg går André Heggø på Norges toppidrettsgymnas i Bærum. Der går også sambygding Sedrik Engebø Ullebø, som inspirerte Heggø til å starte med sykling.

Foto: Privat

Då Andre Heggø var rundt 10–11 fekk han beskjed frå far sin at han måtte starte med ein idrett. Han fekk ikkje lov å berre sitte inne å spele videospel, sa far Kjartan Heggø.

I heimbygda Høyanger var han innom både handball og fotball. Men til slutt var det syklinga som fanga interessa.

Interessa har ikkje slept taket, og no får 17-åringen sjansen på juniorlandslaget i sykling.

– Eg visste eg hadde ein sjanse. Men det er mange gode juniorar i Norge, så det var overraskande likevel, seier Heggø.

Får sjansen i stort internasjonalt ritt

Den første landslagsutfordringa får André Heggø allereie 26. mars. Då skal han sykle løpet Gent-Wevelgem i Belgia saman med lagkameratane på juniorlandslaget.

– Det er eit ganske stort juniorløp. Alle dei gode internasjonale syklistane kjem dit, så det blir veldig bra konkurranse, seier Heggø.

Sjølv håpar han på å vere med å kjempe i toppen.

– Det mitt første år som junior, og mitt første store juniorløp, så det er vanskeleg å seie korleis sjansane er. Men eg skal gjere så godt eg kan, seier han.

Andre Heggø

STORE MÅL: Heggø vil gjerne bli proff syklist i framtida. Men først ventar to år som junior.

Foto: Kjartan Heggø / Kjartan Heggø

Første moglege uttak

Kjartan Heggø har vore med å trene sonen sidan han fatta interesse for sykling. Han fortel om ein målretta idrettsutøvar.

– André har ofra mykje av vanleg ungdomstid for å trene seriøst over mange år. Då han var fjorten knakk han koden over kva som må til.

Sykkel er ingen sosial sport i Høyanger. Far vart ofte treningskompis, men det vart mange timar aleine på sykkelsetet. Etter skule var det lekser, to til fire timar med sykkel, og heim å legge seg.

– Det har vore heilt frivillig, det er eg nøydd å seie. Han har vore veldig målbevisst, veldig lenge, fortel far og trenar Heggø.

Landslagsplass opnar moglegheiter

For 17-åringen er det sosiale viktig for at han satsar på sykling. Gjennom konkurransar møter han folk frå mange land, og har for eksempel fleire vener frå Danmark og Sverige.

Men det er tanken på siger som er driven til sjuande og sist.

– Eg likar eg prøver å rykke frå feltet, når kjenner at det går og held heilt inn til mål. Kjensla når eg veit eg vinn er kanskje noko av det som gjer at eg held fram.