Andre- og tredjeplass i NM i brass

Jølster musikklag (biletet), under leiinga av Stian Svendsen, sikra ein tredjeplass i 2. divisjon under Noregsmeisterskapen for brassband som i helga vart arrangert i Grieghallen i Bergen. Kjølsdalen Musikklag frå Eid tok andreplass i 5. divisjon. Nordhordland-bandet Eikanger-Bjørsvik tok sigeren i elitedivisjonen.

Jølster musikklag NM i brass 2016
Foto: Pressefoto