Hopp til innhold

Anders spelar for framtida

Snart bestemmer Sogndal seg for om dei vil henta klubben sin fortapte son heim. I kveld får han ein ny sjanse til å overbevise.

Anders Stadheim
Foto: Arve Uglum / NRK

- Det er ei personalsak, svarar Karl Oskar Emberland på spørsmål om korleis trenarane og klubben sitt sportslege utval stiller seg til Anders Stadheim.

Spelaren som vart selt til Fredrikstad i 2006 har hatt to utlån til Sogndal sidan den tid, utan sportsleg suksess. No er han uønska i Fredrikstad, og får sansynlegvis gå gratis til kven han vil sjølv om han har kontrakt ut denne sesongen.

Bestemt før neste helg

Han får ikkje vera med på FFK sin treningstur til La Manga - og innan Sogndal reiser til same stad neste helg bør spørsmålet om framtida hans vera avklart.

I kveld spelar Sogndal sin siste treningskamp før avreisa til Spania, og Stadheim får sannsynlegvis nok ein sjanse til å overbevise Sogndal-leiinga om at han er verdt å satse på.

Klokka 18.00 møter Sogndal klubben til gamletrenaren Jan Halvor Halvorsen, Notodden, i Sognahallen.

- Me er inne i ein fase der me evaluerer det han har gjort etter at han byrja å trene med oss ved nyttår. Om det skjer noko skjer det før me reiser til La Manga, seier Emberland.

Spelt alle kampane

Stadheim har spelt samtlege treningskampar til no i favorittrolla bak laget sin spydspiss. I langt betre betre fysisk form enn då han avslutta sesongen i fjor har han vore ein av laget sine beste spelarar. Mot Notodden er han sannsynlegvis med fordi dei sterkaste utfordrarane til plassen hans, Espen Olsen og Teemu Turunen, ikkje er 100 prosent klare.

- Teemu er litt småsjuk og Espen er på veg tilbake frå skade. Han får seg sikkert ein halvtime, seier Emberland.

Overraska over Laaksonen

Framfor seg vil Stadheim få årets hit så langt for Sogndal, Valtter Laaksonen, som er omskulert frå kantspelar til midtspiss. Så langt har han skåra fire av Sogndal sine fem mål i 2009.

- Eg ville loge til deg om eg sa at eg ikkje er overraska over at han har vore så god som spiss. Hadde eg visst det ville eg sjølvsagt brukt han der før, seier Emberland.

Sogndal stiller sannsynlegvis med følgjande lag: Piotr Lieciejewski, Lukaz Nadolski, Even Hovland, Morten Christensen, Per Egil Flo - Daniel Lubienecki, Rune Bolseth - Henrik Furebotn, Anders Stadheim, Barry Kader - Valtter Laaksonen.