Hopp til innhold

Anders (18) klar for verdscupen

Junioren Anders Fannemel er klar for sitt første verdscuprenn i skihopping.

Anders Fannemel

Anders Fannemel byrja å hoppe som 13-åring. Fredag kvalifiserte 18-åringen seg til sitt første verdscuprenn.

Foto: Einar Løken

Det vart klart etter fredagens kvalifisering på Lillehammer. Fannemel var i utgangspunktet teken ut som reserve , men fekk sjansen då Jon Aaraas ikkje kunne hoppe på grunn av eit brot i leggen.

- Utruleg morosamt. Dette hadde eg aldri trudd då eg byrja med skihopping, seier den jordnære nordfjordingen som fredag vart den første hopparen frå fylket til å kvalifisere seg for eit verdscuprenn.

118,5 meter

Fannemel vart nummer 37 av dei 40 som gjekk vidare frå fredagens kvalifisering. 18-åringen strekte seg til 118,5 meter og fekk 104,4 poeng. I tillegg var ti hopparar førehandsuttekne til rennet.

- Det var eit heilt greitt hopp, men eg har meir inne. Eg kunne vore lenger frampå og treft kanten litt betre. Der vart eg for sein, seier Fannemel og er berre middels nøgd med sjølve hoppet.

Set ikkje for høge mål

Som den lågast plasserte nordmannen, ventar han å hoppe med startnummer 1 når 1. omgangen tek til klokka 16. Spørsmålet er om han blir blant dei 30 som får hoppe 2. omgangen.

- Målet mitt var å kvalifisere meg til første omgangen. Det har eg klart. Det er ganske høgt nivå, så eg kan ikkje sette meg for høge mål. Det er berre å slappe av og tru at normalen er godt nok, seier honndølen.

Bratt utviklingskurve

18-åringen har vist ei formidabel utviklingskurve sidan han byrja å hoppe som 13-åring. I haust vann Fannemel eit kontinentalcuprenn på Lillehammer med god internasjonal deltaking . Då vakna også draumen om verdscupsirkuset. Han veit ikkje om han skal våge å håpe på fleire verdscuprenn.

- Eg skal hoppe kontinentalcuprenn i Vikersund neste helg, så vi får ta det først, seier han.

To i verdscuprennet

I tillegg til Fannemel, er også finsk-norske Akseli Kokkonen mellom ni nordmenn som er klar for laurdagens verdscuprenn. Han vart nummer 18 i kvalifiseringa med eit hopp på 124 meter. Medrekna stilkarakteren enda han med 114,3 poeng.

Kokkonen hoppar for Stårheim, og Sogn og Fjordane fekk dermed full pott med to skihopparar gjennom nålauget.

VERDSCUPRENNET SER DU DIREKTE PÅ NRK1 ELLER I NRK SIN NETT-TV.