Andenæs samd med Byåsen

June Andenæs er blitt samd med Byåsen om ein overgang frå Levanger.

June Andenæs

TIL BYÅSEN: June Andenæs skal spele handballen sin i Trondheim dei neste to åra.

Foto: Johan Arnt Nesgård

Strekspelaren blir av trondheimsklubben skildra som siste brikke som er på plass til kommande sesong. June Andenæs er samd med Byåsen om ein toårs-avtale.

– June er ikkje langt frå landslaget, og vil erstatte Pernille Wibe. Ein av hennar mest framtredande sider er forsvarsspelet, seier dagleg leiar Torbjørn Balstad til klubben sine nettsider.

113 mål på 44 kampar

28-åringen frå Gloppen har tidlegare spelt handball for Fjellhug/Vereide, Gloppen og Bjørnar. Andenæs har scora 113 mål på 44 kampar for Levanger. I fjor debutterte ho også på landslaget.

I tillegg til å spele handball i Trondheim, skal Andenæs fullføre studiene sine i Trondheim.

Byåsen har vunne toppserien fem gonger. Sist i 1998.

Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå Andenæs.