Hopp til innhold

Anda-Lote kan bli sterkt redusert

Dersom E39 blir lagt om Stryn kan Anda-Lote bli redusert til eit ferjesamband med få avgangar.

Anda ferjekai

Ferjekaia på Anda.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Gloppen-ordførar Anders Ryssdal er redd for at dette kan gå ut over dei mange som pendlar over Nordfjorden.

– Det betyr at det blir færre ferjeavgangar, og problema for dei som alt pendlar blir merkbare, for dei må anten vente meir på ferjene eller dei må køyre rundt og få lengre avstandar, seier han.

Innfjorden mot Loen sett frå Robjørgane

Her vil brua kome over Nordfjorden dersom tilrådinga frå Statens vegvesen blir fylgd.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Bru over Innfjorden

Tysdag la Statens vegvesen fram si tilråding for framtidig stamveg. Konklusjonen der er at etaten går inn for alternativet via Stryn med bru over fjorden ved Svarstad m.a. fordi det er 2,2 milliardar rimelegare enn alternativet med bru mellom Anda og Lote.

LES OGSÅ: Vegvesenet vil ha E39 via Stryn.

Men dersom politikarane fylgjer tilrådinga frå Vegvesenet vil det framleis måtte vere eit ferjesamband mellom Anda og Lote. Det er berre det at dette då blir eit lite samband med rundt 500 bilar pr døger mot rundt 1300 i dag.

– Dyrt for fylkeskommunen

Ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal.

Andes Ryssdal.

Foto: NRK

I dag er trafikken på sambandet så stor at det så godt som betalar seg sjølv. Det vil det ikkje gjere med 500 bilar i døgeret.

– Sidan det ikkje lenger vil vere stamveg så er det fylkeskommunen som truleg må ta rekninga. Dette er nok ei belastning som vil bli svært tung for Sogn og Fjordane fylkeskommune, seier ordførar Anders Ryssdal.

Både pluss og minus

Ei flytting av E39 kan bety ei endring i kostnadane for fylkeskommunen. På den negative sida får fylket ansvaret for dagens E39 frå Byrkjelo til fylkesgrensa mot Møre og Romsdal i Stigedalen, med drift av ferjer, vedlikehald og investeringar i til dømes den dårlege strekninga mellom Sandane og Byrkjelo.

På plussida kjem at staten tek over delar av eller heile fylkesveg 60 frå Byrkjelo mot Stryn, noko som gjer at fylkeskommunen sparer vedlikehald og store investeringar.

Velaug Veum

Velaug Veum.

Foto: NRK

Dårleg tid for fylkeskommunen

Høyringsfristen for val av framtidig E39 i Nordfjord er 1. februar 2012. Fylkesdirektør for samferdsle, Velaug Veum, seier dei vil prøve å legge fram så nøyaktige utrekningar som råd for kva kostnaden til fylket blir for dei ulike alternativa, men at dei har knapt med tid.

– Vi vil ta med det vi greier å få med på den korte tida vi har. Denne tilrådinga har kome sterkt forseinka, vi har venta på den sidan tidleg i oktober. Forseinkinga gjer at vi får kortare tid på oss til vår sakshandsaming.

Tilrådinga frå Statens vegvesen har skapt eit stort engasjement i Nordfjord. Mellom anna var det hundrevis av innlegg og ein oppheta debatt i kommentarfelta til nrk.no/sf.

Anda-Lote

Ferjesambandet Anda-Lote sett frå Lote-sida.

Foto: Ottar Starheim / NRK