NRK Meny
Normal

Anda-Lote går med redusert kapasitet

Anda-Lote vil gå med redusert kapasitet frå klokka halv fem. Fjord1 må flytte om på ferjene i Nordfjord for å få drift på sambanda etter motortrøbbelet i føremiddag.

Årdal
Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

Det tungt trafikkerte ferjesambandet Anda-Lote på E39 har vore innstilt sidan i føremiddag på grunn av motorproblem på ferja MF Årdal.

Regionleiar i Fjord1, Tor Kristoffersen, seier dei har bestemt å å flytte ferja på Stårheim–Isane til Anda-Lote, ferja som på Måløy–Oldeide blir flytta til Stårheim–Isane, medan ein hurtigbåt vil frakte passasjerar på Måløy-Oldeide.

Kø på Stårheim-Isane

KØ: På grunn av rokeringa har det no danna seg kø på Stårheim ferjekai.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Slik det ser ut no vil det vere drift på sambandet Anda-Lote omlag halv fem. Ikkje lenger etter det vil det vere drift igjen på Stårheim-Isane. Om ikkje situasjonen er normalisert, så vil det iallefall vere ruteavvikling på alle tre rutene, seier han

Fjord1 har no flytta MF Årdal til ei ny kai, der dei forsøker å finne ut av motorproblema.

– Slik det ser ut no så kjem kvelden til å gå. Akkurat kor lang tid det vil ta har vi ikkje oversikt over, men vi reknar med å vite meir om ein times tid, seier Kristoffersen.

Saka blir oppdatert.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser