Seinast fredag kjøpte han heile Domstein sin aksjepost i Fjord Seafood. Og finansanalytikarane jublar. Ein av dei er Henning Lund i Kaupthing. Oppkjøpet betyr at det blir færre oppdrettarar og færre slakteri. For gigantselskapa skal ta kontroll over marknaden og skvise ut dei mindre for å tene meir.
- Heilt topp
Og Henning Lund er ikkje den einaste som ser potensialet i Fredriksen sin glupske appetitt på oppdrettsaksjar. Klaus Hatlebrekke i DNB Nor Markets sa laurdag oppglødd til Bergens Tidende at dette gir den konsolideringa i oppdrettsnæringa som finansmiljøet har drøymt om lenge. Det er heilt topp, sa han.
John Fredriksen. Arkivfoto Scanpix
Stor tru på Fredriksen
Og trua på at John Fredriksen skal vere den som endeleg greier å skape den store sterke giganten som kvittar seg med dei små plagsame oppdrettarane er stor.
- Jo større, jo betre
Og det som verkeleg får analytikarane til å juble er tanken på at Fredriksen skal bli laksekongen som slår saman Pan Fish, Fjord Seafood og kanskje og statseigde Cermac, som næringminister Børge Brende ivrar for å få på børs. Jo større jo betre ser ut til å vere mantraet.
- Bobler har sprukke før
Ola Braanaas er dagleg leiar i det mellomstore oppdrettselskapet Firda Management, nettopp den typen bedrift som dei store ynskjer å overta eller helst skvise ut. Men Braanaas har sett konsolideringskåte analytikarar før. Han tenkjer på oppdrettsbobla som vaks og som sprakk, då Arne Nore i Pan Fish skulle legge heile oppdretts-Noreg under seg for ein fem-seks år sidan.
Folk satsa sparepengane sine
Nore kjøpte opp oppdrettskonsesjonar på kvart eit nes, og i mange bygder i Nordfjord og på Sunnmøre sette folk sparepengane sine i Pan Fish fordi oppdrettsnæringa var treet som skulle vekse inn i himmelen. Då og var mantraet blant jublande analytikarar konsolidering og stordriftsfordeler. Resultatet vart at svært mange tapte pengar.