NRK Meny
Normal

Analytikar har tru på storkommune langs «gullkysten»

Men då må politikarane handle og slutte med endelause utgreiingar.

Geir Vinsand

GULLKYST: Han ser for seg ei trinnvis utvikling, men Geir Vinsand i NIVI Analyse, meiner det aldri har vore større moglegheiter for å skape ein sterk kommune på kysten av Sogn og Fjordane.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Geir Vinsand er leiar for NIVI Analyse og har jobba med kommunesamanslåing i 30 år. På ein konferanse i Florø i går tala han varmt om ein storkommune langs kysten.

– Det har aldri vore så store moglegheiter for å skape ein sterk kommune på kysten av Sogn og Fjordane. Det manglar i fylket. Eg meiner det er ein del næringar og felles interesser på kysten, som er særs interessante med tanke på kommunereforma, seier han.

Krev handling framfor utgreiingar

Vinsand ser for seg ei trinnvis utvikling mot ein kommune som strekkjer seg frå Gulen til Vågsøy, med eit innbyggjartal på mellom 30 og 40 tusen innbyggjarar. Han trur at det ein stor fordel at det indre alternativet vart valt for E39. Det betrar sjansane for at kystvegen kan bli ein realitet.

– Eg meiner det er openbart at den bør byggjast. Det vil skape heilt nye moglegheiter for å lage ein ny kommune, først mellom Flora og Bremanger, deretter med Vågsøy og Selje og eg meiner òg at HAFS-kommunane bør bli kopla på etter kvart.

Han meiner det no er på høg tid at politikarane handlar og tek styring på prosessen.

– Det kan lett bli for mange utgreiingar som går i ulike retningar. No er det på tide å jobbe meir med dei politiske vegvala, seier han.

Fryktar dei små blir ståande åleine

Han meiner kulturforskjellar og identitet ikkje bør leggje hindringar i vegen for reformprosessane.

Det han fryktar er ein polarisert struktur, der dei sterke kommunane går saman, medan ytterkantane blir ståande åleine.

– Viss kommunane skal ha ansvaret for så tunge oppgåver, så må vi ha større kommunar. Då vil dei bli forskjellige med omsyn til identitet og kultur. Men ulike kommunar kan utfylle kvarandre, seier han.

Aarebrot trur på kystkommune

TRENG TRYGGLEIK: Frank Aarebrot, her under ei pause i konferansen, har tru på ein storkommune langs kysten, men meiner øyfolket treng trygg helsetransport medan dei ventar på kystvegen.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Aarebrot: – Øyfolket treng trygg helsetransport

Frank Aarebrot meiner òg at ein ny veg er nøkkelen til å få til ein storkommune på kysten. Men det kan ta tid, og i mellomtida er det avgjerande å gje øyfolket trygg helsetransport i naudsituasjonar.

– Florø må sørgje for at folket kjem seg raskast mogleg til Haukeland eller Førde dersom dei er alvorleg sjuke. Eit diagnose- og transportsenter vil vere attraktivt for øybefolkninga og tenne dei på ein idé om å slå Flora saman med havkommunane, trur han.

Ordførar i Flora Bengt Solheim Olsen har også kommunesamanslåing på kysten som førsteval.

– I Flora er det ein tanke som er rotfesta i sjela vår. Men då må dei andre kommunane kome på bana og ønskje å vere med å greie ut, seier han.