Hopp til innhold

Anal-legen i trøbbel i Danmark

Tidlegare kommunelege i Jølster, Jan Mikael Nordfors, får ikkje jobbe kveld- og nattevakter ved Amager Hospital i København.

Jan Mikael Nordfors

Jan Mikael Nordfors

Foto: NRK

Nordfors vart landskjend fordi han uvanleg ofte prøvde å kurere ryggproblem med fingermassasje i endetarmen.

Mange pasientar i Jølster klaga på behandlingsmetodane til svensken. Klagane vart så mange at Jølster kommune til slutt valde å seie opp mannen. Då flytta Nordfors til Finnmark, men det same skjedde der.

No er den svenske legen i fokus igjen, denne gongen i Danmark. "Dette er ein skandale. Nå må helsetilsynet få ut finger`n", skriv den danske avisa Ekstra Bladet på leiarplass.

Nytt namn

Nordfors, som no heiter Mikael Stenborg, jobbar ved det psykiatriske sjukehuset Amager Hospital i København. I følgje Ekstra Bladet var ikkje sjukehuset klar over at den svenske legen gjentatte gonger var oppsagt både i Norge og Sverige.

Sjukehusleiinga vil Amager Hospital vurderer tilsettinga på nytt.

Jan Mikael Nordfors
Foto: NRK

- Han hadde autorisasjonen i orden då vi tilsette han. Men dei nye opplysningane som er kome frem, gjer at vi vil ta kontakt med Sunnhetsstyrelsen om denne legen. Vi vil også informere avdelingsleiarane om desse forholda, seier leiande overlege ved Amager Hospital, Helle Aggernæs, til Ekstra Bladet. Sunnhetsstyrelsen er det danske Helsetilsynet.

Analmassasje

Nordfors stakk fingeren i pasientens anus og masserte analmuskulaturen for å behandle ryggsmerter.

– Å massere endetarmen og trykke på eit spesielt punkt inni endetarmen er den beste behandlingsmetode for ryggsmerter, sa den omstridde vikarlegen Jan Mikael Nordfors i et eksklusivt intervju med NRK Sámi Radio 9. februar 2005.