Sidan 12. april har ikkje Rune Amundsen vore psykolog. På bakgrunn av klagar frå fire tidlegare pasientar tok Statens Helsetilsyn ifrå han lisensen. Ein av pasientane seier ho blei dårlegare då ho fekk vite at ho i eit tidlegare liv var ein tysk SS-offiser, og Amundsen får kritikk for å gå utanfor den vanlege bruken av såkalla regresjonsterapi. Men han avviser at dette er tilfelle, og seier han ikkje har ført pasientar tilbake til tidlegare liv.
Amundsen trudde helsetilsynet ville frifinne han, og blei svært overraska då han fekk vite resultatet. Han seier han kunne dokumentere at dette ikkje stemmer.
Amundsen meiner mykje som talar til hans fordel er utelete i rapporten frå helsetilsynet, bl.a. støtte frå mange pasientar, kommunelegar og trygdekontoret i Florø. Amundsen meiner han har ei god sak, og trur anken vil vinne fram.