Hopp til innhold

Amper stemning ved hotell i Sogndal

Ein person skal ha fått i rift i panna i eit slagsmål ved eit hotell i Sogndal.

– Det er ikkje snakk om store skader, og det var ikkje behov for ambulanse, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Det var like etter midnatt at politiet fekk melding om amper stemning ved utestaden.

– Det var fem-seks personar som var litt hissige, og vaktene prøvde å skilje dei. Fleire av personane stakk frå staden, men politiet har snakka med vitne og opprettar sak.

Politiet rykka også ut til eit hotell i Førde.

– Det var nokre vanskelege gjester som nekta å forlate staden, men dei hadde gått då politiet kom fram. Det var ikkje nokon dramatikk, og politiet fann dei i sentrum og fekk snakka med dei.

Og i Førde rykka brannvesen og politiet ut etter melding om branntilløp i eit hus i Halbrendslia.

– Det var tørrkoking, men meldar fekk sløkt brannen sjølv. Det er ikkje store skader, men det blir oppretta sak, seier Kolltveit.

På Nordfjordeid kom det melding frå nokon som fekk forstyrra natteroa av ein fest ute.

– Då politiet kom fram var festen i ferd med å ta slutt, og det var roleg på staden.

Laurdag kveld var det trafikkontroll ved Brandsøy i Florø. 62 bilistar blei kontrollerte for rus, men det var ikkje noko utslag.

Like før klokka 6 søndag morgon blei ein hjort påkøyrd ved Myrmel i Gaular. Han stakk til skogs, og viltnemnda følgjer opp saka.