NRK Meny
Normal

Amper natt i trivselsfylket

Politiet har natt til søndag måtte hanskast med fleire sinte og rusa personar.

Politiet på Twitter

MYKJE VALD: Politiet melder om fleire tilfelle av slagsmål natt til søndag.

Foto: skjermdump, Twitter.com

Politiloggen etter natta er tradisjonen tru prega av helgas festlegheiter, men det har også vore fleire slagsmål kring om i fylket.

Seinast i halv-fire tida i natt kom politiet over fleire personar som hadde teke nevane fatt i Sogndal sentrum. Sjølv om partane vart skilde, avslutta ikkje politiet saka på staden. Dei vil opprette sak.

Ein halvtime tidlegare var det politiet i Florø som kom over handgemeng i Strandgata. Også her vart fleire personar skilde. Ein person vart køyrt vekk frå staden. Politiet opplyser at dei vil følgje opp hendinga.

Like før klokka 02 var fleire personar involverte i eit slagsmål ved ein utestad i Førde. Mennene som politiet reknar som gjerningsmenn var reist frå staden då patruljen kom fram.

I løpet av natta vart to rusa personar køyrde heim av politiet. I Florø vart kvinna like over klokka 01 henta frå ein utestad som ho nekta å forlate.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå