Hopp til innhold

Amok etter Liverpool-tap

Fotballinteresse kan gje dei mest hårreisande utslag. I Nordfjord er ein 24 år gammal mann dømd til fengsel i 120 dagar på vilkår avdi han går amokk når favorittlaget Liverpool taper.

 

Nokon kvar kan la seg rive med når stemninga kokar på fotballbana, men 24-åringen frå Nordfjord har det verre enn dei fleste.

Ein søndag i november 2004 sat han heime og såg favoritt-laget Liverpool tape. Frustrasjonen gikk fysisk ut over den yngre broren. Då far la seg imellom, fekk han slag i andsiktet.  

Drapstrugsmål

Måndagen etter las mannen referat i avisa frå kampen, og vart så kraftig provosert at han igjen gjekk i svart. Han kom med alvorlege trugsmål mot mor, far og bror som var i huset. Han orka ikkje meir, og måtte drepe nokon, eller så måtte han drepe seg sjølv. Deretter tok han ein vedkubbe og kasta etter bror sin, han tok mikrobølgeovnen og kasta den ned trappa før han endeleg slo vilt rundt seg med ei slegge før politiet vart tilkalla.  

- Aldri opplevd makan

Eit halvt år tidlegare hadde mannen også mista kontrollen som følgje av fotballfølelsar og komme med trugsmål om å drepe foreldre og seg sjølv. Også då vart politiet tilkalla, og mannen fekk besøksforbod i sin eigen heim. Politiadvokat Terje Gjertsen som var aktor i saka har aldri opplevd maken.

- Treng hjelp 

Fjordane tingrett finn at mannen fortener 120 dagar fengsel på vilkår, med ei prøvetid på tre år. Retten seier også at mannen eigentleg treng hjelp til å kontrollere fotballfølelsane sine, men ein føresetnad då er at han innser at han har eit slikt problem.