Hopp til innhold

Ammoniakklekkasjen er stogga

Ammoniakklekkasjen er lokalisert og tetta. Det melder Politiet på Twitter.

Fagleiar brann er Olav Helge Ylvisåker. Han har kring 17 mann på staden.

FARLEG: Olav Helge Ylvisåker er fagleiar for brannvesenet. Han seier det har vore ein krevjande jobb å få kontroll på situasjonen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Det står att utlufting av bygningar før dei eventuelt kan takast i bruk att, melder politiet på Twitter.

Venta på teknikar

Det skjer samstundes som at ein teknikar var venta til Sogndal for å få tømt anlegget for ammoniakk.

Tanken som tidlegare sprang lekk var på 150 kilo, og det var uvisst kor mykje som hadde leke ut.

– Det er ein liten lekkasje, men det vil ta lang tid før tanken er tømt av seg sjølv. Difor hentar vi inn ein teknikar som kan sjå om ein får tømt anlegget på annan måte, seier brannsjef Vidar Trettenes.

Nytta vasståke

For trass iherdig jobbing sidan 10-tida fredag føremiddag har brannvesenet framleis ikkje funne det konkrete lekkasjepunktet .

– Vi har kontroll på det som kjem ut av gass, men vi greier ikkje å få tetta lekkasjen, seier fagleiar for brannvesenet, Olav Helge Ylvisåker.

For å hindre at gassen siv ut over eit større område lagar dei no om gass til salmiakk.

– Denne gassen er slik at om du set vasståke på den, så går den til bakken og blir omdanna til salmiakk. Det kan vere etsande, men er ikkje farleg på same måte som ei gassky, seier Ylvisåker.

– Krevjande jobb

Han seier arbeidet med ammoniakklekkasjen har vore svært krevjande.

– Det var veldig krevjande i starten då situasjonen var uoversiktleg. Det var frykteleg mange folk her og ammoniakk er ein farleg gass. Gassen verkar irriterande på slimhinner og hud, og kan i verste fall føre til lungeødem, seier Ylvisåker.

Ammoniakkutslepp på Fosshaugane Campus

EVAKUERT: Mellom 150 og 200 personar er evakuerte etter ammoniakkutsleppet på Fosshaugane Campus.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Brannfolka som har vore inne i bygget måtte bruke kjemikalieverneutstyr i starten, men har no kunne gått over til vanleg røykdykkarutstyr.

Kjende klorlukt

Blant dei mellom 150 og 200 personane er Gullik Østby og Markus Kristiansen. Begge var inne på Høgskulebygget då alarmen gjekk.

Gullik Østby (t.v) og Markus Kristiansen (t.h)

VENTAR: Gullik Østby (t.v.) og Markus Kristiansen ventar på å få sleppe inn att på Høgskulen. – Vi er svoltne og gløymde å ta med tinga våre ut. Eg prøver å få tak i matpakken, seier Kristiansen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Eg lukta litt klor då eg gjekk rundt der. Det var som om dei nett hadde vaska, så eg tenkte ikkje særskilt over det. Etter kvart gjekk brannalarmen, då tok eg med meg matpakka og drikkeflaska og gjekk ut næraste naudutgang, fortel Østby som likevel fekk jobba litt med bacheloroppgåva på ein annan del av Høgskulen.

Uvisst om dei får stogga

Ylvisåker seier det er umogleg å seie noko om kor tid Kristiansen, Østby og dei andre evakuerte kan ta seg inn att i bygget.

– Det er ikkje noko målar på tanken, så vi merkar ikkje noko før det er tomt. Kor tid folk kan sleppe inn er usikker i og med at vi ikkje veit om vi får stogga lekkasjen på skikkeleg vis.

– Klarar vi ikkje finne lekkasjepunktet må det leke til det er tomt, seier han.

Årsaka til lekkasjen er ikkje kjent. Ifølgje Ylvisåker skal anlegget ha blitt inspisert kort tid før lekkasjen vart oppdaga, då var alt i orden. Brannvesenet vil vere på staden i mange timar enno.