Dødsfallet skjedde nyttårsaftan, og fylkeslegen har alt varsla at han vil sjå på saka.
Terje Olav Øen. Foto Jostein Nyfløtt NRK.
Går gjennom opptaka
Leiar for ambulansetenesta i Helse Førde, Terje Olav Øen, seier dei vil gå gjennom opptaka av samtalen for å sjå om dei har handla feil.
- Vi registrerer reaksjonen frå dei pårørande, og vi kjem til å undersøke saka fullt ut. Viss det er noko som tyder på at vi ikkje har handtert situasjonen i tråd med retningslinene, så vil vi gripe fatt i det.
I går melde vi om Helge Dahl som miste far sin nyttårsaftan. (Sjå "Døyande fekk ikkje legehjelp ".) Den 76 år gamle mannen vart funnen livlaus på golvet og sonen er svært kritisk til korleis dei blei møtt då dei ringde til akuttmottaket for å få hjelp.
Kommunikasjonssvikt
- Det kan tyde på at det har vore vanskar med kommunikasjonen, seier Øen. På grunn av praktiske årsaker har han ikkje fått høyrt gjennom opptaka av samtalen med AMK-sentralen den aktuelle dagen, men lovar at han skal gjere det så fort det let seg gjere.
- Dersom vi har gjort feil, beklagar vi det, seier Øen.