Hopp til innhold

Kommunane framleis dårlege på å svare AMK

Kommunane i Sogn og Fjordane er framleis dårlege på å svare på akutte oppkallingar frå Akuttmedisinske kommunikasjonssentral (AMK). – Alvorleg, seier fylkeslegen.

Assisterande fylkeslege Jacob Andersen

ALVORLEG: Assisterande fylkeslege Jacob Andersen seier dei ser alvorleg på at det framleis er mange tilfelle der kommunelegane ikkje svarar på oppkall frå AMK.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

AMK-sentralen har mellom anna som oppgåve å svare på naudnummeret 113 og ta vidare kontakt med ambulanse og legar gjennom eit radiosamband, også kalla helseradio. Kommunelegane blir i utgangspunktet kontakta i tilfelle der det er behov for akutt helsehjelp.

Men berre dei første sju månadane i år vart det registrert over 100 avvik. Assisterande fylkeslege Jacob Andersen seier det er alvorleg.

– Det skal vere slik at når AMK kontaktar kommunane, så skal dei svare. Det er kommunane sitt ansvar å sikre at dei kan ta imot oppkall frå AMK, seier Andersen.

Varsla innskjerping

Problemet med vakthavande kommunelegar som ikkje svarar på oppkall på helseradioen er ikkje noko nytt. Dette gjeld både ved såkalla testar av sambandet, men også i reelle hendingar der liv og helse har stått på spel.

Fylkeslegen har ved fleire høve varsla ei innskjerping av rutinane. Seinast i november i fjor vart det bestemt at ein skulle gjere ei større kartlegging der kommunane skulle rapportere korleis dei responderer på akuttmedisinske hendingar.

Håpar på ei betring med naudnettet

Assisterande fylkeslege, Jacob Andersen, seier det kan tyde på at rutinane framleis ikkje er gode nok.

– Det er ting som tyder på det. Vi følgjer med på utviklinga, og ser alvorleg på dette i og med oppkall frå AMK i utgangspunktet berre skjer når det er behov for akutt helsehjelp, seier han.

Dårleg dekning har vore ei stadig tilbakevendande grunngjeving på kvifor kommunelegane ikkje har svar, fortel Andersen.

Helse Førde tok denne veka i bruk det nye naudnettet i Sogn og Fjordane. Andersen seier helseetatane si tilkopling til naudnettet skal sørge for at kommunikasjonen mellom kommunane og AMK blir betre.

Han vedgår samtidig at det også kan vere utfordringarogså med det nye naudnettet.

– Dekninga er betre enn i det gamle nettet, men det er ikkje 100 prosent dekning i det digitale nettet heller. Det går til dømes ein diskusjon rundt dekninga i tunnelar.

– Det vil framleis vere område med vanskeleg dekning, men der er det igjen kommunane sitt ansvar å sikre at dei har forhold som gjer det mogleg for kommunelegen å svare på oppkall frå AMK.