NRK Meny
Normal

Amerikansk fotball utan taklingar

SOGNDAL (NRK): Amerikansk fotball er ein sport som er kjend for tøffe tak og knallharde taklingar. No er studentane i Sogndal i gong med ei mildare utgåve, som vert kalla flaggfotball.

Adrian Stinessen Haugen

KLAR: Adrian Stinessen Haugen står klar til å sette i gang flaggfotball-kampen.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Flaggfotball har akkurat dei same reglane som amerikansk fotball, med unntak av at det ikkje er lov å takla. Det er lov å blokkere og skubbe, men det er alt, seier Adrian Stinessen Haugen som vara styremedlem studentparlamentet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og initiativtakar.

SJÅ VIDEO: Amerikansk fotball er kjent for tøffe tak og knallharde taklingar. I Sogndal har studentane ei mildare utgåve... (FOTO/REDIGERING: THOMAS BRAKSTAD/NRK)

For å utføre ein «takling» i flaggfotball må ein rive av eit av dei to flagga som kvar spelar har festa i eit belte rundt livet. Flagga er fest med borrelås til beltet. Eit anna element som manglar frå den vanlege amerikanske fotballen (sjå faktaboks) er måla.

Tøffe tak uansett

Sjølv om flaggfotball er ein mildare versjon av amerikansk fotball gjekk det likevel hardt for seg under treninga i Sognahallen. Initiativtakar Stinessen Haugen spelte med hanskar og ein teipa finger.

– Eg braut veslefingeren for nokre veker sidan då eg skulle ta å nappe eit flagg av ein motspelar. Eg sette fingeren fast i lomma hans og då knakk den, seier Stinessen Haugen med eit smil.

Klar til kamp i flaggfotball

INNE: Om vinteren speler dei flaggfotball inne i Sognhallen, noko som er meir fristande enn å springe rundt ute i snøen.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Stinessen Haugen har tidlegare spelt amerikansk fotball heime i Bergen, og var pådrivar til å få flaggfotball opp og gå i Sogndal.

– Grunnen til at vi ikkje speler vanleg amerikansk fotball er rett og slett at flaggfotball er billigare. Ein får eit heilt sett til 15 spelarar i flaggfotball for same prisen som det kostar for utstyret til ein spelar i vanleg amerikansk fotball, seier Stinessen Haugen.

Håper på turnering i februar

Sidan dei starta opp flaggfotball for eit par månader sidan har oppmøte lagt jamt på over ti deltakarar.

– Dei som har vore med har tatt turen tilbake, så interessa har vore bra, fortel Stinessen Haugen.

Kva er målet med flaggfotballen på sikt?

– I Bergen har dei ei turnering som vert spelt den same dagen som Super Bowl. Den har eg håpar eg at vi kan stille eit lag på, seier Stinessen Haugen.

Super Bowl 2016 vert spelt 7. februar.

Taktikk

TAKTIKK: Sjølv om treninga er for å ha det kjekt sosialt, tar nokon det meir seriøst enn andre. Her har ein av spelarane tatt seg flid med å laga taktikkar for angrepsspelet.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Eit fantastisk tilbod

På treninga tysdag hadde 13 personar tatt turen til treninga. Ein av dei var amerikanske Tyson Weaver frå Sør-Dakota i USA, som har budd i Norge i fem år.

Tyson Weaver

DEBUTANT: Amerikanske Tyson Weaver storkoste seg på si første økt med flaggfotball.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Eg vaks opp med amerikansk fotball og syns dette er eit fantastisk tilbod. Hadde eg visst om det før hadde eg vore med frå starten av, seier Weaver til NRK.

Kva er forskjellen på flaggfotball og den amerikanske fotballen du kjenner?

– Flaggfotball har dei same reglane som vi speler med i USA på barneskulen, der det heller ikkje er lov med taklingar, svarar Weaver.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy