NRK Meny
Normal

Amerikanar vart Sogndalpatriot

Ferjemannskap omvendte John M. Helm Jr. frå Vålerenga- til Sogndalsentusiast.

Amerikansk fotballsupportar

IHUGA: John M. Helm Jr. kona Jennifer og borna med sogndalslagord.

Foto: sogndalfotball.no

John og resten av familien kjem frå Dallas, Texas, og er vortne ihuga Sogndalsupportarar etter å ha vore på rundtur i Norge i sommar, melder sogndalfotball.no .

Ferjemannskap hadde løysinga

Den amerikanske familien vitja Solvorn, og tok ferja over fjorden for å sjå Urnes stavkyrkje. John og Jennifer vart så begeistra for kyrkja att dei nesten gløymte å ta ferja tilbake til Solvorn.

Når dei to kom ned på ferjekaien fekk dei beskjed om att den siste ferja skulle akkurat til å gå, òg at det ikkje var plass til leigebilen deira.

John spurte litt rundt på ferja om kva han skulle gjere med bilen som han måtte sette igjen på ferjekaien. Ein av ferjemannskapet la merke til att John hadde på seg ei Vålerenga Ishockey-trøye for anledningen.

Han sa til John at han kunne ta med bilen tilbake på ferja gratis morgonen etterpå, viss John gjekk med på å bli sogndalsupportar. Dette gjekk John med på.

På vegen vidare i Norge tok dei turen innom supportarbutikken i Sogndal, og handla Sogndaleffektar til resten av familien.

Omset livereferat til amerikansk

John har nyleg starta eit advokatfirma i Dallas, men finn likevel tid til å oppdatere seg på alt som skjer med den nye klubben i sitt hjerte. Mellom anna har han nytta diverse streamingsider for å få med seg det han kunne av sogndalkampane på tampen av Adeccoligaen 2010.

I tillegg brukar han ulike omsetjingsverktøy for å lesa kampreferat og nyhendereportasjar om Sogndal. Til neste år har han tenkt å abonnera på TV2 Sumo for å sjå kampane til Sogndal ”live”.

- So, for us, cheering for Sogndal is more than just supporting a fotball team. It is about special memories of an amazing place that my wife and I shared together, seier Helm til sogndalfotball.no


Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.