Hopp til innhold

Ambulansane toler ikkje utrykking

Dei siste fire åra har ambulansetenestene i landet bytt motor over 160 gonger fordi dei ikkje toler belastninga som utrykkingskøyretøy.

Ambulansar i Førde

MOTORTRØBBEL: – Det skaper eit visst meirarbeid for dei stasjonane våre som har slike bilar, og det medfører ein del logistikkutfordringar, seier ambulansesjefen i Helse Førde om motorproblema dei har hatt siste åra.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Ved Universitetssykehuset i Nord-Norge har vi bytt 44 motorar på våre Volkswagen Caravelle/T5-ambulansar. Og vi har fleire som står på tur for å byte, seier avdelingsleiar ved ambulanseavdelinga, Per-Øivind Sørgård.

Sidan slutten av 2011 har helseføretaka kjøpte inn 166 Volkswagen T5 for å bruke dei som ambulansar. På same tid har motorane blitt skifta minst 160 gonger, syner tal frå Helseføretakenes Innkjøpsservice (Hinas). For den harde bruken med tung last, kaldstart og tøff køyring gjer at motorane får eit stadig høgare oljeforbruk. Etter ei tid blir forbruket så stort at motorane må skiftast ut.

Stian Sægrov

MOTORBYTE: Fleire av ambulansane Stian Sægrov i Helse Førde har hatt i garasjen sin har måtte byte motor dei siste åra.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– For vår del i Helse Førde, så snakkar vi nok om nærare 20 motorar som er skifta på ulike bilar. Nokre bilar har skifta ein gong, medan andre har skifta motor fleire gonger, seier ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov. I Helse Fonna er det skifta motor 13 gonger.

Importør vedgår problem

Ambulansane er kjøpte gjennom nasjonale og regionale anbod i perioden 2011–2015 og kostar cirka 1,2 millionar kroner kvar, fullt utstyrt. Motorproblema skal ikkje ha ført til svikt i beredskapen.

– Dette har vi handtert med å sette inn reservebilar og meir planlagt når vi tek bilane ut av drift, seier Sægrov i Helse Førde.

Direktør for nyttekøyretøy, Håkon Fergestad i Møllergruppen, som er importøren av Volkswagen til Norge, vedgår at det har vore problem med Volkswagen Caravelle/T5 som ambulanse.

– Vi sel over 4000 Transporterar og Caraveller i året i landet, så det er ei avgrensa utfordring slik vi ser det, men det stemmer at på nokre utvalde modellar med spesielle hard bruk, til dømes ambulansar, så kan det oppstå noko høgare oljeforbruk enn normalt. I visse tilfelle så vel vi då å byte motor.

Er bytta ut

I den nye anbodsperioden for innkjøp av ambulansar frå januar 2015 er bilane erstatta med Wolksvagen Amarok. Fergestad seier motorskiftet blir løyst som ei garantisak, kostnadsfritt for ambulansetenestene og at tilbakemeldinga frå fabrikken er at motorproblema no skal vere løyst.

Håkon Fergestad i Møllergruppen

UTFORDRING: Håkon Fergestad i Møllergruppen, som importerer Volkswagen til Noreg, seier dei har slutta å selje den ambulansemodellen som vart brukt fram til 2015.

Foto: Møller.no

– Dette er også ein modell som vi ikkje sel lenger, så dette avgrensar seg til ein modell vi har levert tidlegare, seier Fergestad.

– Burde Møllergruppen ha forsikra seg om at denne type Caravelle var betre skikka som utrykkingskøyretøy før de var med på anbodet?

– Tilbakemeldinga vi får frå ambulansetenesta er at dei er veldig nøgd med denne modellen som ambulanse. Når ein slik utfordring dukkar opp, er det viktigare korleis me løyser den enn akkurat kva som har skjedd.