Hopp til innhold

Ambulansane finn ikkje fram

Over ein halv million personar i Norge manglar framleis gateadresse. Det betyr at verdfull tid går tapt når ambulansen må bruke unødvendig tid på å leite etter pasientar. LHL krev at departementet ryddar opp.

Gater og vegar er dårleg merkte med adresse. Det er utfordrande for ambulansepersonell.

IKKJE ALLTID LIKE ENKELT: I dette byggefeltet i Førde har alle husa både gateadresse og husnummer. Men slik er det ikkje alle plassar.

Etter 22. juli i fjor vart det lova at beredskapen i Norge skulle bli betre. Men framleis er det altså meir enn ein halv million personar utan gateadresse, og truleg vil det går lang tid før alle har ei slik adresse på plass.

For ambulansepersonell tel kvart minutt, og når dei må bruke tid på å leite etter pasienten kan verdifull tid gå tapt.

– Dette viser eit veldig sårbart system, og vi synst det er svært alvorleg, seier Frode Jahren som er generalsekretær i Landsforeininga for hjerte- og lungesjuke.

GPS til inga nytte

Kvar einaste dag brukar ambulansepersonell tid på å finne fram til folk som treng hjelp. Ofte kan det stå om minuttar når ulukka er ute, og det kan opplevast som fortvilande å ikkje finne fram.

NRK blir med ambulansearbeidarane Bjørn Egil Sunde og Stian Helgheim på ei øvingsrunde i Førde. Dei fortel at dei ofte må bruke andre metodar enn GPS for å finne fram.

– Då kjem vi altså til Sunde, og her står det ikkje noko skilt om at du er i grensa Sunde, forklarar Bjørn Egil Sunde medan dei to kikar seg rundt for å finne fram dit dei skal.

Ambulansen deira har GPS, men det er til inga nytte når dei ikkje har ei adresse. I staden må dei stole på til dømes gards- og bruksnummer.

– Alle plassar der det ikkje er gate og husnummer, så er det eit gards- og bruksnummer, og det er slik vi navigerer, fortel Helgheim til NRK.no.

Bruker unødvendig lang tid

Kollegaen legg til at dei også må stole på ting som fargar på hus eller andre landlege kjennemerke når dei leitar seg fram. Men det er også ein tidkrevjande måte å finne fram på.

– Det kan vere pumpestasjonar, postkassestativ, farge på husa og liknande. Men det betyr at vi må setje tempoet ned veldig mykje skal vi klare å sjå etter alle desse landemerka, seier Sunde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjørn Egil Sunde og Stian Helgheim i ambulanse

MÅ LEITE:

Foto: Tone Lin Støfring / NRK

– Kritiske forseinkingar

Ein av dei som er svært uroa over at så mange som 17 prosent av innbyggjarane i Norge ikkje har gateadresse er generalsekretæren i Landsforeininga for hjerte- og lungesjuke (LHL).

Frode Jahren meiner det er heilt bak mål at det framleis skal vere slik.

– Dette kan føre til kritiske forseinkingar ved utrykkingar frå naudetatane, og ein slik situasjon må vi vekk frå, seier Jahren til NRK.no.

Krev at departementet ryddar opp

Generalsekretæren meiner Miljøverndepartement må løyve pengar for å få fortgang i arbeidet. Jahren viser til eit pågåande prosjekt, men meiner dette går for seint.

– Her må Miljøverndepartementet som har ansvar for prosjektet løyve pengar som gjer at kommunane kan merke husa til folk, seier Jahren i LHL.

– Kommunane sitt ansvar

Men Politisk rådgjevar i Miljøverndepartementet, Audun Garberg, seier det er kommunane sitt ansvar å få adresser på plass.

– Via Statens kartverk bidreg vi med mellom anna rettleiing, og erfaringar frå andre kommunar. Vi oppmodar kommunane til å få fart på dette arbeidet.

– Og så er det også mogleg å søkje staten via Fylkesmannen om å få tildelt skjønsmidlar dersom kommunane har behov for det, seier Garberg til NRK.no.