Ambjørg Sælthun er død

Tidlegare stortingsrepresentant Ambjørg Sælthun frå Lærdal er død, 89 år gamal.

Ambjørg Sælthun

Ambjørg Sælthun i 2008.

Foto: Nils Roar Sælthun

Ho var frå Ål i Hallingdal og vart gardkone på Seltun i Lærdalsdalen. I Lærdal engasjerte ho seg m.a. i bondekvinnelaget, og ho starta den politiske karrieren sin som medlem i skulestyret i 1959.

Første kvinna

Frå 1969 til 1973 var Ambjørg Sælthun vararepresentant på Stortinget for Senterpartiet. Ho møtte fast det siste året fordi John Austrheim var samferdsleminister.

Frå 1973 til 1985 var ho fast stortingsrepresentant, frå 1981 til 1982 var ho varapresident i Stortinget. Ho var den første kvinnelege stortingsrepresentanten frå Sogn og Fjordane.

Døydde 2. januar

Dei siste par åra vart helsa til Ambjørg Sælthun gradvis dårlegare. Laurdag før jul fekk ho eit hjerneslag, og måndag 2. januar døydde ho på Lærdal sjukehus.

Ambjørg Sælthun var mor til Ragnhild Sælthun Fjørtoft, som sidan 1968 har vore ein populær programvert i NRK, og sonen Lasse Sælthun har vore rådmann i Lærdal.

Sjukepleiestudentar sjekka i dag kor god handhygiene flypassasjerane har.
Etter mange år med reguleringar, ser det no ut som om Makrellstørjebestanden er tilbake. I helga dro Tore Hillersøy 190 opp frå havet.
Florø vann 4-0 mot Fana i Florø. Det er trenar Terje Rognsø godt nøgd med.