Barnebok får den israelske ambassaden til å sjå raudt

Boka «Pappa er sjørøvar» av Førde-forfattar Hans Sande, har sett sinna i kok hjå den israelske ambassaden.

Forfattar Hans Sande med boka "Pappa er sjørøvar".

IKKJE FOR Å PROVOSERE: Forfattar Hans Sande understrekar at han ikkje har skrive boka for å provosere.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Når ein får ei barnebok i hendene, så har ein vel ei viss forventning. Men då vi opna boka, vart vi sjokkerte, seier informasjonsansvarleg i den israelske ambassaden, Hildegunn Hansen.

Palestinarar nekta vatn

Ho og kollegaene hennar sette kaffien i vrangstrupen då dei bladde opp i barneboka og kunne lese om israelske soldatar som nektar palestinarane vatn, men som så blir skjenka fulle på brennevin slik at heltane kan snike seg forbi.

«Vi køyrer mot grensa, men der er det bom stopp. Framfor oss er den høgaste muren eg nokon gong har sett. Som ein bratt vegg, nesten heilt opp til himmelen. Ved opninga i muren står soldatar på vakt med hjelm og gevær. What's in your tank? spør dei på engelsk. Just water, svarar pappa. Berre vatn.» (Utdrag frå boka)

– Løgnaktig og demoniserande

– Dette er snakk om å gi ein løgnaktig og demoniserande framstilling av Israel og israelarar, seier Hansen, og legg til at det er første gong ambassaden reagerer på ei barnebok.

Ho meiner Sande kryssar grensa for kva som er akseptabel Israel-kritikk.

Det er ikkje forfattaren, som har over 30 barnebøker bak seg, samd i.

– Eg hadde venta reaksjonar. Israel og israelvener er vande med monopol på sanninga. All kritikk mot Israel si framferd er vorte stempla som antisemittisme og forferdelege greier. Men slik er det no ikkje lenger, seier Sande.

(Artikkelen held fram under)

Video Har hissa på seg Israel

RART: – Eg tykkjer det er både rart og komisk at ambassaden har sendt brev til UD, seier Hans Sande.

Foto: Nyhetsspiller

Eit som er viktig for Sande

Han presiserer at han ikkje har skrive boka for å provosere, men fordi dette er eit tema som opptek han.

– Målet var at eg måtte få gi uttrykk for min frustrasjon og fortviling over kor håplaus situasjonen for palestinarane er. Og difor var det eit naturleg tema for meg, seier Sande.

Redaktør for boka, Geir Nummedal i Cappelen Damm, meiner boka er balansert.

– For nokon grupperingar vil denne boka vere vanskeleg å svelgje, det skjønte vi. Men det er ikkje ei einsidig framstilling av eit land, slik vi i forlaget les det. Det meiner også konsulentane våre, seier Nummedal, som er stolt av boka.

Førebudde på oppstuss

Han understrekar at det er Hans Sande som forfattar som står for det politiske innhaldet i boka, men innrømmer at forlaget var førebudde på at boka kunne skape oppstyr.

– Vi forstod frå første sekund at boka var kontroversiell, og det er ein styrke ved barnebøker at også dei kan få lov til å vere kontroversielle. Det har vi ingen problem med. Denne boka er innanfor forlaget sine rammer, seier Nummedal.

Har sendt brev til UD

Hansen hjå den israelske ambassade innser at dei ikkje har noko makt til å stogge boka, men dei har sendt brev til Utanriksdepartementet og gitt uttrykk for synspunkta sine.

– Og så håpar vi at vi får ein debatt på kva verdiar vi ønskjer å gi til borna våre, seier Hansen.

Sande kan knapt tru at ambassaden har sendt brev til UD.

– Eg tykkjer det er rart og litt komisk. Kva trur dei UD kjem til å gjere? Be kulturministeren stramme opp ein barnebokforfattar? Det er ikkje slik demokratiet eller ytringsfridom fungerer på norsk, seier Sande.

Sande trygg på fakta

Han presiserer at han har sjekka fakta nøye, og at han ikkje er redd for å bli teken med buksa nede.
– Eg har faktasjekka det eg har skrive. Det er ikkje eg som vert teken i løgn. Det er ikkje eg som har eit propagandamaskineri attmed meg, seier Sande.