NRK Meny
Normal

Amankwah aktuell for Sogndal

Tidlegare Brann-spelar kan fylle tomrom etter Azar Karadas og Gustav Valsvik.

Stabæks Veigar Pall Gunnarson (th) blir halden i trøya av Branns Yaw Ihle Amankwah 9.mai i år

AKTUELL FOR SOGNDAL: Yaw Ihle Amankwah (t.v.) kan vere på veg til Sogndal.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Ifølgje Nettavisen skal Sandefjord-stopparen og den tidlegare Brann-spelaren Yaw Ihle Amankwah vere på veg til Sogndal.

Han skal vere éin av fleire aktuelle spelarar som klubben vurderer å hente inn som erstattarar for nyleg selde Azar Karadas og Gustav Valsvik i midtforsvaret.

– Han er absolutt ein kandidat. Det er naturleg at vi ser på han. Amankwah er ein bra stoppar, med god duellstyrke, men vi har også fleire kandidatar, seier Flo til Nettavisen.

Også Sandefjord Fotball stadfestar interessa frå Sogndal. Amankwah kom til Sandefjord frå Brann i 2012. Han er no på utgåande kontrakt med Sandefjord.

Sogndal selde onsdag Gustav Valsvik til Strømsgodset berre éin dag etter at Azar Karadas vart samd med Brann om ein overgang til bergensklubben. Dermed kvitta Sogndal seg med to krumtappar i forsvaret på to dagar.

Sportsleg leiar Håvard Flo har tidlegare sagt til NRK.no at dei er på jakt etter erstattarar for den viktige duoen.

Ifølgje Sogn Avis vurderer Sogndal å signere Emmanuel Okine (22) som erstattar for Azar Karadas. Ghanesaren er ein duellsterk midtstoppar. Han er for tida under kontrakt med svenske Rosengård. Også franske Christophe Psyché er på prøvespel med klubben denne veka.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.