Hopp til innhold

Amalie døydde av kreft - no skal familien springe for å heidre ho

Amalie Os Mallasvik ville ikkje døy. Ho ville heim for å springe med faren sin. No spring familie og vener saman i sorga for å heidre ho.

Amalie

BESTEVEN: Amalie Os Mallasvik (t.v.) fekk besøk frå besteveninna Benedicte Bergset (t.h.) på sjukehuset.

Foto: Privat

August 2017: – Eg er redd for at alle skal gløyme meg, seier Amalie til foreldra. Den kreftsjuke 17-åringen har fått beskjed om at ho skal døy.

30. august døyr Amalie på Haukeland universitetssjukehus av akutt leukemi. Tilbake står nære og kjære som skal prøve å leve livet vidare utan ho. Dei kjem aldri til å sjå ho igjen, men gløyme henne skal dei ikkje.

Besteveninna til Amalie, Benedicte, og mor hennar, bestemmer seg for å minnast den aktive og sprudlande 17-åringen.

– Eg spurde familien til Amalie om dei ville vere med på å springe «Bergen City Marathon» for å heidre ho. No blir vi ein stor gjeng, som både skal gå og springe, med eit hjarte kring startnummeret vårt, seier Malin Frøyen Bergset.

Til våren skal dei slite seg gjennom gatene i Bergen saman. Kjenne beina som treff brusteinane. Kjempe seg fram mot mål. Alt til ære for Amalie.

– Dette gjer at ho aldri vert gløymt. No blir fleire kjent med jenta vår og historia hennar, seier mor Arnhild Mallasvik.

Jenta som ville springe

Frå kvardagslukke til fritt fall i eit svart hol. Slik skildrar mor til Amalie tida etter at dottera døydde. Det starta med vondt i halsen 17. mai.

– Då Amalie kom til Haukeland var blodet hennar fullt av kreftceller. Behandling måtte skje fort for at organa ikkje skulle svikte. Tre tøffe kurar med cellegift tok ikkje kreften, seier Mallasvik.

Amalie fekk påvist akutt leukemi, type AML. Dette er ein aggresiv kreftform som særs få unge får. Krefttypen viste seg resistent mot behandling.

– Det var enorme mengder med smerter. Etter to veker som sengeliggande reiste ho seg opp frå senga og gjekk sju etasjar i trappene. Amalie skulle bli frisk og gav seg aldri, fortel Mallasvik.

Den 17 år gamle jenta ville leve. Ho ville heim. Heim for å springe med pappa, men så kom beskjeden om at det ikkje var meir ein kunne gjere.

– Amalie syns det var urettferdig at ho skulle døy. Eit ørlite håp om at det kunne skje eit mirakel heldt ho oppe. Ho slutta aldri å tru og klamra seg til det.

Etter 96 dagar måtte familien reise heim frå sjukehuset utan Amalie.

Amalie

BREIMSTAFETTEN: Amalie Os Mallasvik sprang Breimstafetten 7.mai.

Foto: Privat

Spring saman

7. mai sprang Amalie førsteetappe for damelaget til Førde under Breimstafetten. Ho likte å springe. Kjensla av musklane som jobba, vinden i håret og komme i mål. Til våren skal Amalie sine nære og kjære springe i mål for ho.

– Når vi kjem inn i målområdet blir det nok sterkt for veldig mange. Vi har laga klart panneband der det står «Amalie i vårt hjarte», for det er der vi har ho, seier Malin Frøyen Bergset.

17-åringen starta med idrett allereie som 4-åring og var innom det meste. Under løpet i Bergen til våren, stiller vener og familie som saknar ho sårt.

– Eg er heilt sikker på at ho ville sett stor pris på dette. Heile familien syns dette er veldig rørande. Amalie gav aldri opp. Det kan ikkje vi gjere heller, seier Arnhild Mallasvik