Hopp til innhold

Krev bilfrie anlegg for rulleskikøyring

Dei siste åra har det vore fleire alvorlege ulukker på rulleski. No krev folk i langrennsmiljøet bilfrie anlegg for rulleskikøyring.

Dei siste åra har det vore fleire alvorlege ulukker på rulleski. No krev folk i langrennsmiljøet bilfrie anlegg for rulleskikøyring.

RULLESKI: Langrennsmiljøet krev anlegg for rulleskikøyring.

Sist helg blei ei 15 år gammal jente på Voss alvorleg skadd etter ei rulleskiulukke. Og etter fleire alvorlege hendingar på rulleski er krinstrenar i Sogn og Fjordane skikrins, Per Sigve Selseng ein av dei som no krev anlegg for rulleskikøyring.

– Eg tek på meg vanleg sommarantrekk for rulleski. Noko av det viktigaste er å ha på seg ein god hjelm, seier Per Sigve Selseng.

Den erfarne langrennstrenaren veit at trening i trafikken er farleg sjølv med tryggingsutstyr i det han legger ut på nok ein treningstur.

– Eg set tryggleiken så høgt som eg kan gjere eigentleg, fortel Selseng.

Fleire ulukker

Rulleskiløparen vil alltid vere den svake parten i trafikken. Seinast i helga vart ei jente på rulleski alvorleg skadd i ei ulukke på Voss.

I fjor haust omkom ein rulleskiløpar i Florø. og i mai vart landslagsløpar Kristin Størmer Steira skada då ho vart påkøyrd medan ho trente på rulleski.

Krinstrenaren i Sogn og Fjordane meiner det berre finst ei langsiktig løysing, nemleg lukka anlegg berre for rulleskikøyring.

– Etter kvart så har trafikktryggleiksargumentet blitt sterkare og sterkare, og eliteutøvarar er ofte utsett for hendingar. Vi har hatt eit par triste ulukker i det siste, så då vert det meir og meir aktuelt med rulleskiløype, fortel Selseng.

Trygg opplæringsplass

Kravet om eigne bilfrie anlegg får full støtte frå Bernt Rusten i Hordaland Skikrets.

– Dei fleste regionar bør ha tilgang på ei rulleskiløype som gjer at ungar kan trygt lære seg å gå på rulleski og ha det som ein samlingsplass der dei som driv med rullleskiaktivitet kan samlast. I tillegg vert det ein trygg opplæringsplass skjerma for trafikk, det er vårt ønskje, seier Rusten.

Men det å få på plass lukka rulleskianlegg er kostbart og vil ta tid. I mellomtida vil bilistane framleis suse forbi på smale vegar.

– Eg ser det ikkje som eit problem for ein bilist å ta det litt roleg, roe ned, leggje seg ut til sida og køyre fint forbi, så går det bra, seier Selseng.