NRK Meny
Normal

Alvorlege naturskadar kunne vore avverja viser ny forsking

Fleire alvorlege naturskadar kunne vore unngått dersom ein hadde teke omsyn til lokal kunnskap og tidlegare hendingar på stadane, før ein bygde ut.

Ras i Balestrand

FORSKA PÅ: Forskarane stilte tre hovudspørsmål under arbeidet: 1. Var det umogeleg å kunne føreseie 2. Har planstyresmaktene tatt ein for høg risiko? 3. Er svaret mangelfull planlegging og gjennomføring av arealplaner?

Foto: Robert Jan Leerink

Det viser forskingsresultata til ein omfattande studie ved Vestlandsforsking.

Av ti større naturskadehendingar på Vestlandet dei siste ti åra, kunne sju til åtte vore unngått, slår forskarane fast.

– Vi konkluderte med at dei i dei fleste skadesituasjonane så var det ein kjent problematikk knytt til naturfare då området vart planlagt og utbygd, seier klimaforskar Halvor Dannevig.

Flaum, skred og stormflo

Sørpeskredet i Tuftadalen i Balestrand i 2011, flaumskreda på Voss og i Stryn under ekstremvêret «Loke» i 2005 og stormfloa i Eid sentrum under orkanen «Dagmar» i 2011 er mellom hendingane forskarane har sett nærare på.

Dahl og Åshamar

NYE PLANAR: Kristine Dahl og Cecilie Åshamar studerer den nye kommuneplanen til Eid kommune.

Foto: Sogn og Fjordane / NRK

Dannevig meiner hendingar kunne vore avverja om ein hadde teke omsyn til tidlegare hendingar på staden det gjeld og lytta til lokal kunnskap.

Ras i Balestrand

SØRPESKRED: To personar omkom då eit sørpeskred tok med seg eit hus i Tuftadalen i 2011.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Ja, dersom ein då hadde late vere å bygge ut i det området, eller sikra det mot naturfaren, så kunne ein ha unngått ganske mange av desse hendingane, seier klimaforskaren.

Forskaren påpeikar at dagens lovverk og krava i risiko- og sårbarheitsananlysar kunne ha fanga opp desse naturfaresituasjonane. Særleg bidreg innskjerpingane plan- og byggingslova til dette.

Må ta lærdom

"Dagmar" sine herjingar i Eid

DAGMAR: Eid vart sentrum vart meir eller mindre lagt under vatn då orkanen «Dagmar» herja på Vestlandet i 2011.

Foto: NRK/Heidi Lise Bakke

Under Dagmar slo stormfloa innover sentrum av Eid og gjorde stor skade. Denne hendinga er ei av dei forskarane meiner kunne vore unngått.

– Det må vi ta med oss og ta lærdom av. Det vi må bli gode på framover er å kartlegge risikoar og lage tiltaksplanar for å kunne førebyggje slike hendingar, seier plan- og utviklingssjef Kristine Dahl i Eid kommune.

Dahl og kollegaene er nett ferdige med å rullere kommuneplanen. Ein del har endra seg sidan sist det vart gjort.

– Klima, klimatilpassing, førebygging og krav til utgreiing har vore ein vesentleg del av arbeidet, påpeikar Dahl.

Dei nye planane har mellom anna skredsonekart og omtalar stormflo spesielt.

Bør bruke naboar

I dag skal alle kommunar kartlegge risikoen for naturhendingar gjennom såkalla sårbarheitsanalysar. Dannevig meiner lokalkunnskapen spelar ei viktig rolle i å kunne førebygge naturskadar.

Rasskadd hus i Hatlestad Terrasse

2005: Av hendingane forskarane såg på, var berre jordskredet på Hatlestad Terasse i Bergen umogeleg å unngå. Skredet skadde 19 hus og kravde tre menneskeliv.

Foto: Heiko Junge / Scanpix

– Ein er avhengig av å kombinere den lokale kunnskapen med den kunnskapen som kjem frå aktørar som NVE, som lagar flaum- og skredsonekart, seier han.

På kommunehuset på Eid har ein dei siste åra har begynt å jobbe på ein annan måte enn tidlegare.

– Vi har hatt folkemøte, oppmoda innbyggjarane om å kome med innspel og vi har vore ute i bygdene. Eg trur at innbyggjarane sine krav om å få medverke i arbeidet med nye planar, gjer at vi sit att med ein annan type resultat enn tidlegare, seier Dahl.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå