Vogntoget som velta i Stryn.
- Etter at vi hadde berga oppatt vogntoget såg vi at det var brot i ein sveis på ein kopling mellom bil og hengar, på det vi kallar ei dragstong, seier Tenden. Dette er så alvorleg at han ber Statens Vegvesen sjå grundig på saka.
- Hadde ikkje oppdaga det
- Dette er noko vi ikkje kunne ha oppdaga sjølv, og eg trur ikkje det kunne ha blitt oppdaga på ein EU-kontroll på ein merkeverkstad heller, seier Rolf Olav Tenden.
Velta i hage
Like etter klokka sju onsdag morgon hamna eit vogntog frå Thor Tenden Transport AS utfor vegen ved Mindresunde omlag åtte kilometer frå Stryn sentrum. Vogntoget lasta med kjøt velta i ein hage etter å ha jamna tre og hagevekstar med jorda.
- Må få betre sluttkontroll
Til alt hell vart ikkje føraren skada, men Rolf Olav Tenden seier han no vil ha fullt fokus på dette. Han vil ikkje tru at den same feilen finst på andre vogntog. - Men eg håpar dette fører til at Statens Vegvesen tek kontakt med leverandøren, slik at denne legg om rutinane sine for sluttkontroll av produkta før dei sender dei ut, seier Tenden.