NRK Meny
Normal

Alvorleg skadde i Lærdalstunnelen

Tre personar vart sende til sjukehus etter ei møteulukke i Lærdalstunnelen på E16 torsdag kveld.

Ulukke i Lærdalstunnelen.
Foto: Arne Veum, Aurlendingen

Ulukke i Lærdalstunnelen.
Foto: Arne Veum, Aurlendingen.

Det var ein personbil med tilhengjar og ein tysk bubil som kolliderte omlag fem kilometer inne i tunnelen frå Lærdalssida.

I bubilen var eit tysk ektepar, medan det var ein nordmann i den andre bilen. Førarane måtte skjerast lause frå vraka.

Alle var medvitne då dei vart tatt ut av bilvraka, opplyser politiet. Begge førarane vart sende til Haukeland Universitetssjukehus med alvorlege skader. Kona til føraren av bubilen vart send med moderate skader til Lærdal sjukehus der ho vart sjekka av legar.

Politibetjent Gunnar Brevik ved Lærdal lensmannskontor seier det er for tidleg å seie kva som er årsaka til ulukka, men mykje tyder på at ein av bilane har kome over i feil køyrebane.

Ulukka skjedde rundt klokka halv sju torsdag kveld. Det danna seg lange køar på begge sider av tunnelen og tunnelen var stengd eit par timar medan oppryddingsarbeidet pågjekk.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.